SognaCon 2027

Schedule

Sat, 06 Mar, 2027 at 12:00 pm

UTC+01:00
Location

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | F, SF

Advertisement
Gratis inngang, berre møt opp!
Hald av Laurdag 6. mars og søndag 7. mars i 2027 om du er interessert i e-sport, cosplay, rollespel, anime og manga, spelutvikling, brettspel, retrogaming, kortspel og meir!

Følg SognaCon på Facebook og Instagram for fortløpande info, og sjekk nettsida sognacon.no
Kva skjer?
MANGE gratis show og føredrag i Storsalen.
Stands og salsbodar i vestibylen og Blaoboxen.
Rabatterte kinofilmar i Sal 2 og 3.
Ulike kurs i Kunstgalleriet.
Gratis spelesalong med brettspel, rollespel etc på galleriet.
Gratis kreative verkstader på biblioteket.
Gratis Gaming Lounge i bursdagsrommet.
Du finn ei oversikt over programmet og meir info på sida www.sognacon.no
I tillegg er SognaCon på Instagram og Facebook.
Intensjonen bak SognaCon
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2026 vert arrangert av Sogndal Kulturhus og Sogndal Bibliotek.
Me håpar også at me får inn andre samarbeidspartnerar og støttespelarar.
Advertisement

Where is it happening?

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, F, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sogndal Kulturhus
Host or PublisherSogndal Kulturhus

Ask AI if this event suits you