Riksteatret: Kakejazz // Kulturhuset Trivselshagen

Schedule

Fri, 05 Mar, 2027 at 06:00 pm

UTC+01:00
Location

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway | Stryn, SF

Advertisement
Når barna får styre showet!

Har du nokon gong vore åleine heime og bakt kake heilt utan oppskrift? ?Akkurat sånn kjennest det når Riksteatret?inviterer små og store inn i den sprudlande familieframsyninga?«Kakejazz». Her er det klart for kakefest, kaos og kreative krumspring.

Familien Grytebust skal bake kake, men så ringer telefonen! Det er frå jazzklubben Den blå mugge. Eit jazzorkester har avlyst, og no må dei ha mamma og pappa på scenen med éin gong. Straks døra lukkar seg bak dei, opnar det seg ei herleg ny moglegheit. No kan barna lage akkurat den kaka dei sjølv vil, og blande inn kva som helst! Men kva skjer når dei tømmer urna med bestefar oppi røra?

«Kakejazz» boblar av humor, rytme og skaparglede. Gunnar Eiriksson er ein lur og leiken regissør og veit akkurat kva som skal til for å få barna til å lene seg fram i stolen og dei vaksne til å le med.?

Og kven veit, kanskje får du også smake på kaka!

Framsyningslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).
Passar for barn frå 5 år.

Med Tiril Heide-Steen, Julia Sørensen, Martin Hopland Dyngeland, Kim Helge Strømmen, Jon Vegard Hovdal, Peder Varkøy og Julie Falkevik Tungevåg.

Av Gunnar Eiriksson. Regissør Gunnar Eiriksson. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Komponist og musikalsk ansvarleg Espen Mauno. Lysdesignar Mathias Langholm Lundgren. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Dramaturg Kristofer Blindheim Grønskag. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret.
Advertisement

Where is it happening?

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Trivselshagen
Host or PublisherTrivselshagen

Ask AI if this event suits you