Riksteatret: 1984 dub//Førdehuset
Advertisement
1984 dub
Av Tore Vagn Lid, fritt etter George Orwell
Kunsten å overvake (seg sjølv)
«Tankeforbryting», «Storebror ser deg», «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå George Orwell, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei urolege 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av å avsløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein straum av politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgre.
Kor finst, og finst eigentleg, sanning og fridom når ideologisk kamp tar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å få eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å angje eller kansellere våre nærmaste?
Frå ei anna uroleg tid, nemleg vår eiga, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny musikalsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege universet hans. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984, beveger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.
Her er det ikkje lenger i like stor grad «Partiet» og «Storebror» som står for overvakinga. I algoritmanes og den kunstige intelligensens tidsalder kan overvaking i større grad handle om kunsten å overvake seg sjølv.
På scenen møter du Trond Espen Seim, Jonas Strand Gravli, Maria Omarsdottir Austgulen, Torbjørn Berglund Eriksen, Hanna-Maria Grønneberg og Eirik Fosstveit.
Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 25. februar 2027
Turnépremiere i Sandefjord 3. mars 2027
Av Tore Vagn Lid, fritt etter George Orwell. Regissør Tore Vagn Lid. Scenograf Kyrre Bjørkås. Lysdesignar Martin Myrvold. Kostymedesignar Charlotte Høyem Osburg. Grafikk og modellarbeid Julia Jayko Fossland. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.

Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, F, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherFørdehuset