Radio Fjaler: SOGEHAVET- vårt felles kulturelle sameige
Schedule
Thu Sep 11 2025 at 03:00 pm to 04:00 pm
UTC+02:00Location
Samvirket | Førde, SF
Advertisement
- Om myter, segn og kulturelt slektsskap.Teaterfestivalen i Fjaler vil i 2025 og i åra framover ha eit særskild
fokus på scenekunst frå dei nord-atlantiske øyene, og på å å utforske dei kulturelle banda mellom Noreg og desse landa med
utgangspunkt i felles historie, og kulturelt slektskap.
Til å innleie årets første Radio Fjaler-sending har vi invitert historikar Gaute Losnegård med eit kåseri, som tek føre seg byrjinga av vår felles historie; da landsforviste og politiske flyktningar frå Noreg slo seg ned som landnåmsmenn og la grunnlaget for Noregsveldet. Deter ei historie om kolonisering, jakt på ressursar- og om misjonering, men og ei historie om kulturelle bånd og viktigheita av dei.
Hovuddelen av sendinga er ei samtale mellom Biskop Ragnhild
Jepsen, Najattaajaraq Joelsen, Jógvan Andrias Joensen og FridtjovUrdal - med bidrag frå deltakarar frå teatercamp for unge nordiskescenekunstnarar. Samtalen vil mellom anna ta føre seg forteljingar og symbol frå vår felles fortid, knytt til den nordiske og arktiske natur, levevegar og åndeverden. Vi søker blant myter, soger og anekdotar frå historia, frå landnåmstida, kolonitida og det moderne gjennombrotet. Og drøftar korleis desse brytningene har endramåten vår å tenkje på og samhandle på.
Om du ikkje rekk å lytte til samtalen live i vår koselege festivalkaféen, kan du høyre den seinare - alle sendingane vert lagt ut som podcast.
Advertisement
Where is it happening?
Samvirket, Dalsvegen 97 A,Sande I Sunnfjord, Sogn Og Fjordane, Norway, FørdeEvent Location & Nearby Stays: