Slåss
Schedule
Fri, 12 Sep, 2025 at 05:30 pm
UTC+02:00Location
Dale I Sunnfjord | Førde, SF
Advertisement
Korleis overleve ? Veit du korleis du skal komme deg ut av bagasjerommet i ein låst bil? Eller lage din eigen nødrakett? Slåss er ein framsyning om vald og relasjonar. I eit fargesterkt univers med innslag av folkeeventyr, myter og popkultur, og med humor og alvor, undersøkjer framsyninga tema som makt, aggresjon og ikkje minst; overleving.
"Slåss" er laga av scenekunstnarane Lea Agathe Basch og Solveig Laland Mohn. Basch (scenografi / tekst / regi) har tverrfagleg bakgrunn, først og fremst innen scenekunst, bl.a. med Vinge/Müller, og med installasjon, video og performance i billedkunstfeltet. Ho har ein mastergrad i teater fra Kunsthøgskolen i Oslo. Solveig Laland Mohn (tekst / utøver) er skodespelar, utdanna frå Akademi for scenekunst og har studert estetikk og teatervitenskap ved Universitetet i Oslo. Solveig skriv tekstar for teater, lagar eigne framsyningar og har sidan 2006 vore ein del av Verk Produksjoner. Mohn/Basch har jobba saman ved flere anledninger. Sist om prosjektet "Alt vi vil - om frykt, dødsbevissthet og katastrofeberedskap", framført som lytteverk og performance ved Performing Arts festival i Bergen 2022.
Konsept, tekst og produksjon: Basch/Mohn.
Skodespelarar: Uma Feed, Pål Fredrik Kvale og Solveig Laland Mohn.
Regi og scenografi: Lea Agathe Basch.
Musikar og lyddesign: Sigrid Bendz.
Lysdesign: Yasin Gyltepe.
Rekvisitt- og kostymemakar: Nora Haugen Ellingsen. Tekstdramaturg: Emilie Teige Skrattegård.
Marknad og kommunikasjon: Andrea Skotland.
Bilete: Julie Hrnčířová / ABRAKADABRA.
Framsyninga er produsert med støtte fra FFUK, Fond for lyd og bilde og Kulturdirektoratet.
Co- produsent: Teaterfestivalen i Fjaler og Flytårnet, Fornebu.
Advertisement
Where is it happening?
Dale I Sunnfjord, Dalstunet 6B, 6963 Dale, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: