Pusterom med Yoga - Hjellsengane, Seimsdalen
Advertisement
Med hausten og mørkare dagar kjem ofte trangen til å roe ned tempoet litt. Sommaren er bak oss, kvardagsrytmen er på plass, og snart går me inn i den travle høgtidssesongen.
Denne formiddagen inviterer eg deg til å sette av nokre timar berre til deg sjølv. Til å puste, bevege kroppen, finne ro og hente ny energi. Eit lite pusterom før den travle tida, med eit ønske om å gå vinteren og høgtidene i møte med litt meir ro i kroppen og litt meir overskot til å nyte tida saman med dei du er glad i.
I løpet av 2,5 timar får du:
🧘 Ein roleg og tilgjengeleg yogatime
🌿 Enkle pusteøvingar og meditasjon
💆 Enkel eigenmassasje som passar fint i kveldsrutina heime
✍️ Refleksjonsøving som gir rom for ro og nye perspektiv
🏵️ Felles kreativt prosjekt
🎁 Ei lita gåve frå meg til deg
Du treng ingen erfaring med yoga. Du deltek på den måten som passar deg, og det er ingen forventningar om at nokon skal dele noko personlig med gruppa.
Det vil bli enkel servering av kaffe, te, frukt og nøtter. Etter workshopen er det mogleg å bli med på ein valfri lunsj frå Heilmat for dei som ønskjer å ete saman og slå av ein uformell prat. Meir info om dette kjem.
Workshopen blir halden på vakre Hjellsengane i Seimsdalen – ein stemningsfull, kjærleg ombygd låve med peis, lun atmosfære og utsikt utover fjorden.
Pris:
🌿 700 kr
Påmelding:
📧 E-post: [email protected]
📱 SMS: 941 41 250
🌿 Påmeldinga er stadfesta når betalinga er motteken. Eg sender betalingsinformasjon når du tek kontakt.
Viktig informasjon:
Det er eit avgrensa tal plassar. Påmeldinga er bindande, men dersom du blir forhindra frå å delta kan du overføre plassen til ein ven. Lunsj er ikkje inkludert i prisen.

Where is it happening?
Seimsdalen, Årdal, Seimsvegen 16, 6885 Årdalstangen, Norge, Stryn, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherYoga med Trine Marie