Miniretreat i Sogndal 27. juni 12.00 - 16.30

Schedule

Sat, 27 Jun, 2026 at 12:00 pm

UTC+02:00
Location

Sogndal | Førde, SF

Advertisement
Velkommen!
Min intensjon denne dagen er å skape eit trygt og mjukt rom der du kan vende tilbake til deg sjølv – og kanskje oppdage at denne roen allerede finnes i deg.
Gjennom pust, nærvær og stillheit får vi muligheit til å kjenne korleis det kan bringe oss tilbake til ro, balanse og takknemligheit.
PROGRAM 12.00 – 16.30
• Mindful yoga (roleg)
• Reiki Work shop m/praktiske øvelsar
• Skrivemeditasjon
• Restorativ yoga

PÅMELDING
SMS 99539743
Pris kr 470,- (vipps 99539743)

Mindful yoga består av enkle øvingar i roleg tempo, med fokus på pust, kropp og nærvær. Gjennom bevegelse og oppmerksomheit vert du invitert til å møte tankar, kjensler og signal frå kroppen med ei open, venleg og aksepterande haldning.
Reiki workshop gjev ei innføring i kva Reiki er, etterfølgt av praktiske øvingar der du får utforske den rolege og nærverande behandlingsforma. Reiki handlar om å skape balanse og avspenning gjennom nervær.
Me avsluttar dagen med skrivemeditasjon og restorativ yoga – ein roleg yogaform med fokus på kvile, avspenning og å finne ro i kropp og sinn.

På denne mini-retreaten kan du slappe av, senke pulsen og nyte.

Om Britt; yogalærar, meditasjon/mindfulness lærar og reiki master
Britt har heldt på i mange år med undervisning i yoga, arrangert yogaretreat, miniretreat, work shops i meditasjon, mindfulness, pust, barneyoga mm. Hennar store lidenskap er å formidle alt yoga har å by på – «vi har denne skattekista inni oss». Hennar undervisning er pedagogisk, varm og passar både nybegynnar og vidarekomne. Britt har også ein utdanning i meditasjon, pranayama/pust og hatha yoga som ho har tatt i India – eit land ho gjerne drar tilbake til kvart år for å lære meir. Den fyste yogalærarutdanninga tok ho i Thailand.


Med dette har ho samla ein djup forståelse for verktøya som er i yoga og ønske er å formidle yoga slik at ein får prøve og oppdage den gode virkninga yogaen har både på kropp og sinn.
Yoga er for alle! Å starte med yoga er som ei fantastisk reise!
Eit yoga-retreat handlar ikkje om prestasjon, men om friheita til å berre vere. Allereie frå det øyeblikket du bestemte deg for å dra, har du lagt av tid frå ein travel kvardag til deg sjølv og din eigenomsorg


Tilbakemeldingar:
"Ho klarar å hjelpa meg å få frem det som er bra i livet mitt. Hjelper med å finna fred med fortida – eg får ein sterk følelse av takknemlegheit".
"Myk og behageleg, God stemme med eit fint tempo og intensitet"
"Britt du er så behageleg og trygg i instruktør rolla. Tydeleg, roleg og avslappande"


Varmt velkommen til deg!
Instagram: haugbri
Facebook: Britt Veum Hauge
Se færre
Advertisement

Where is it happening?

Sogndal, Gildevangen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Yoga med Britt
Host or PublisherYoga med Britt

Ask AI if this event suits you