Sommarvandring i juli

Schedule

Wed Jul 01 2026 at 02:00 pm to 03:30 pm

UTC+02:00
Location

Sandalsstrand, Nikolai Astrups veg 1135, , 6847 Vassenden i Jølster, Norway | Førde, SF

Advertisement
Kvar onsdag i juli kan du bli med på ei sommarvandring gjennom hagen i Astruptunet. Nikolai og Engel Astrup sin unike heim og arbeidsplass ved Jølstravatnet. Her får du høyre historia om korleis dei forvandla ein bratt og ugjestmild husmannsplass til eit levande kunstverk i landskapet.
Omvisinga tek deg med gjennom tunet og hagen, der vi fortel om Nikolai si planteglede, kunstnarlege prosjekt og livet på staden, og om Engel Astrup si viktige rolle som drivkraft i arbeidet med å ta vare på og utvikle staden etter mannen sin død. Tunet og hagen har gjennomgått større endringar dei siste åra, med ei tilbakeføring til Nikolai og Engel si tid. Vandringa gir innblikk i den omfattande restaureringa tunet har vore gjennom.
Praktisk informasjon:
📅 Omvisinga varer ca. 90 min, med tid til å sjå seg rundt i galleriet og husa mot slutten for dei som ynskjer det.
📍 Oppmøte i kafeén før start.
🎟️ Eigne billettar for sommarvandring. Billettar til ordinær omvising gjeld ikkje.
👟 Kle deg etter veret, vi held oss hovudsakleg ute.
Billettar finn du her:
https://museumsbillett.no/no/museum/505/produkt/1410
Sommarvandring i juli er eiga omvising med fokus på uteområda i Astruptunet, og gjennomførast kvar onsdag kl. 14.00 i juli. Våre ordinære omvisingar i tunet og huset er tilgjengeleg gjennom heile dagen i sommarsesongen.
Advertisement

Where is it happening?

Sandalsstrand, Nikolai Astrups veg 1135, , 6847 Vassenden i Jølster, Norway, Nikolai Astrups veg 1135, 6847 Vassenden, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Astruptunet
Host or PublisherAstruptunet

Ask AI if this event suits you