Lyden av Valdres

Schedule

Sat Oct 03 2026 at 06:30 pm to 11:00 pm

UTC+02:00
Location

Trykkeriet kulturarena/klynge | Lillehammer, OP

Advertisement
Velkomne til Lyden av Valdres!
Kva er eigentleg lyden av Valdres? Denne kvelden skal me finne svaret, og kanskje er det deg me høyrer frå scena.
LYDEN AV VALDRES er møteplassen der artistar frå heile dalføret får sjansen til å vise seg fram når festivalnettverket i Valdres for fyrste gong går saman om å invitere til show-casefestival!
Gjennom kvelden vil me fylle scenene Trykkeriet Kulturarena, Briskeby Ungdomsklubb (U18- scene) og Fagernes Kulturpub med musikk frå heile dalføret, og me håper å sjå folkemusikk, klassisk, pop, rock, vise, band, soloartistar, ensemble og uttrykk som ikkje passar inn i nokon boks i påmeldingslista!
🎸 Er du artist frå Valdres og over 14 år?
🎤 Har du lyst til å stå på scena?
🎻 Spelar du aleine eller saman med andre?
Då vil me høyre frå deg!
Her kan du lese meir om kriteriane og melde deg på: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSejuTMeT37ugd_t_3M7CzaQ-KhK9Ay7-A07sZy0yz_mqoNLQw/viewform?usp=sharing&ouid=102349435829143005944
Festivalnettverket ønskjer å løfte fram musikkmiljøet i Valdres og skape nye moglegheiter for artistar i regionen. Målet er at LYDEN AV VALDRES skal bli ein arena for utvikling, nye møte og kanskje også framtidige festivalbookingar.
For publikum:
✨ 3 ulike scener
✨ opp til 15 konsertar
✨ Éin billett – tilgang til alt
✨ Billettar kjem for sal 15. august
Velkomen til ein kveld full av musikkmøter, nye stemmer og lyden av Valdres
Arrangeres i samarbeid mellom: Vinjerock, Rakfiskfestivalen, Jørn Hilme-stemnet, Trollrock, Beitosprinten, Valdres Sommersymfoni, Hedalen Kulturfestival, Valdres Natur- og Kulturpark
Advertisement

Where is it happening?

Trykkeriet kulturarena/klynge, Skrautvålsvegen 15, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Vinjerock
Host or PublisherVinjerock

Ask AI if this event suits you