Litteraturdagane 2025: laurdag – dag
Schedule
Sat, 27 Sep, 2025 at 10:00 am
UTC+02:00Location
Vinjevegen 1441, 3890 Vinjesvingen, Norway | Notodden, TE
Advertisement
10.00: Familieprogram med Ruth LillegravenRuth Lillegraven les frå Mari og Magnus-bøkene. Høver best for deg som går i barnehagen!
12.00: Kvifor snakke med katten?
Diktet «Katten» av Olav H. Hauge står i ein større samanheng i både verdslyrikken og den nynorske litteraturhistoria. Diktaren Kjartan Hatløy har teke opp denne tråden og har stilt spørsmålet «Kva er varast?». Og han svara med det same: «Ikkje katten, men eg». I dette føredraget reflekterer Stein Arnold Hevrøy over ein nynorsk dikttradisjon.
kl. 13.00: Opplesing
Opplesing ved skodespelarane Jon Wereide Hope og Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie frå Den mangfaldige scena.
Regi: Liv Hege Skagestad
13.15: Debutantprisvinnar 2025
Anna With vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025 for diktsamlinga Eplet. Nesten. Møt ho i samtale med Hilde Vesaas.
14.15: Vesaas-føredraget: Karl Ove Knausgård
Forfattar Karl Ove Knausgård held det tradisjonsrike Vesaas-føredraget.
15.00: Olav Vesaas les tekstar av Tarjei Vesaas
Olav Vesaas les tekstar av faren Tarjei Vesaas.
Advertisement
Where is it happening?
Vinjevegen 1441, 3890 Vinjesvingen, Norway, Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays: