Litteraturdagane 2025: fredag – kveld
Schedule
Fri, 26 Sep, 2025 at 06:00 pm
UTC+02:00Location
Vinjevegen 1441, 3890 Vinjesvingen, Norway | Notodden, TE
Advertisement
18.00: Spenning, svik og sorgRuth Lillegraven har skrive dikt, romanar, dramatikk, og bøker for barn og unge. I samtale med Erlend Kaasa snakkar ho om den thriller-trilogien Alt er mitt (2018), Av mitt blod (2021) og Mitt neste liv som kjem ut sumaren 2025.
19.00: Naturmystikk og nasjonalromantikk
I boka "Snø og granskog" viser Helge Kaasin korleis norsk svartmetall kan knyttast til tradisjonell norsk naturmystikk og nasjonalromantikk. Korleis relaterer dette til den tilsvarande tendensen i folkekulturen, folkemusikken og diktinga, til dømes frå Vest-Telemark? Kor reaksjonær er eigentleg svartmetallen? Møt Helge Kaasin i samtale Øyonn Groven Myhren. Samtaleleiar er Inga H. Undheim.
20.15: Vinje, Vesaas og vinyl
Eit populær-musikalsk føredrag om nynorske songskattar ved forskar og forfattar Arild Torvund Olsen.
21.15: Pulserande konsert: SYMRE
SYMRE er ein låtskrivar og gitarist frå Morgedal. Tekstane er på dialekt, og får ofte tilbakemeldinga «finurleg», med humor som eit viktig verkemiddel. Musikken er leiken, og hentar element frå jazz, folk, pop og rock. SYMRE brenn for engasjerande formidling, og er kjend for god kontakt med publikum. Til Litteraturdagane kjem ho med fullt band, rett frå studioinnspeling av plate nummer tre.
Bandmedlemer:
Jon Espelid (trommer og kor) frå Treungen
Torjus Gravir Klykken (bass og kor) frå Skien
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon og synt) frå Gvarv
Tobias Rønnevig (perkusjon og kor) frå Lillesand
Advertisement
Where is it happening?
Vinjevegen 1441, 3890 Vinjesvingen, Norway, Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays: