Julekonsert frå Kulturkirken Jakob
Schedule
Fri, 05 Dec, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Sjøborg kulturhus og kino | Aalesund, MR
Advertisement
Julesalmekvelden med Kim Rysstad, Tord Gustavsen, Beate S. Lech og Maria Mohn, skapte ei euforisk stemning i Sjøborg i adventstida i fjor. Det er difor ei glede å kunne presentere julesalmekvelden for publikum i Sjøborg også i år.Det er sju år sidan dette ensemblet samla seg i Kulturkirken Jakob for å skape ei heilt unik konsertoppleving – med tre av landets mest distinkte songarar har valt ut julesalmane dei likar aller best – og framføre dei saman med Tord Gustavsen og hans kvartett.
Kim Rysstad er songar og kvedar frå Rysstad i Setesdal, som med si stemmeprakt har sjarmert og imponert heile Noreg. Beate S. Lech er kanskje best kjend frå sitt eige band Beady Belle, men har lenge hatt eit nært forhold til både salmar og religiøse folketonar. Maria Mohn er en norsk songar frå Fredrikstad som har gjort seg bemerka både på teaterscener og kulturhus.
Tord Gustavsen er ein av landets mest anerkjende og særprega pianistar. På denne konserten har han med seg en handplukka kvartett musikarar frå øvste hylle av norsk improvisert musikk.
Konferansier på Julesalmekvelden er Erik Hillestad.
Vinn hotellovernatting:
Kjøper du billett på nett før 5. november, er du med i trekninga av overnatting m/ frukost for to personar på Quality Hotel Ulstein.
Advertisement
Where is it happening?
Sjøborg kulturhus og kino, Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays: