Adam Douglas
Schedule
Fri, 26 Sep, 2025 at 08:00 pm
UTC+02:00Location
Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norway | Aalesund, MR
Advertisement
Adam Douglas har starta 2025 med ein lengre duo-turné saman med sin syngande trommis Torjus Nevland. Og dei kjem Fosnavåg i september.Adam Douglas er ein hardtarbeidande mann året rundt, med konsertframføringar som spenner breitt. Frå rockeklubbar, kredible jazzfestivalar, sommerfestivalar og kulturhus, til førjulsturné med full produksjon på dei aller største konserthusa med «An American Holiday». Alltid med dei beste musikarane og gjennomtenkt repertoar i samanhangen.
Tilstadevering, innleving, vanvittig gitararbeid og ein sjeldan musikalitet har gitt han live-fans over heile spekteret. Våren 2025 slepp Adam sitt splitter nye album! Albumet «Companions» er ei plate som reflekterer over Adam sjølv og hans interaksjon med dei han har og dei han har hatt rundt seg. Det er refleksjonar som tek for seg menneskelege kjensler på ein upretensiøs måte, med håp for framtida. Tekstane speglar også Adam sin frustrasjon over verdas mørke nyheitsbilde med polarisert politisk klima og krig, samstundes som dei viser sterk optimisme. Adam leverer deilige feel-good-låtar i sjelfullt landskap. Det er americana, soul, gospel og roots i skjønn forening, og hans utrulege vokal kjennest varmande og oppløftande. Albumet er rett og slett ei musikalsk gåvepakke som Adam gler seg til å dele med konsertpublikummet! På konsert kan ein oppleve alt frå splitter nye låtar til dei kjende låtane frå hans tidlegare utgjevingar.
(Foto: Jens Storaker)
Advertisement
Where is it happening?
Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norway, Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norge, Aalesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays: