Eva Cassidys liv og songar
Schedule
Fri, 26 Sep, 2025 at 08:00 pm
UTC+02:00Location
Sjøborg kulturhus og kino | Aalesund, MR
Advertisement
Eva Cassidy var ein amerikansk songar som først vart berømt etter sin død. Vi kjenner alle dei fantastiske tolkingane hennar av songar som Songbird, Fields of gold, Over the Rainbow og Autumn Leaves.På konserten i Sjøborg vert desse songane framført av eit lokalt ensemble frå Sykkylven, med Lena Fet som solist. Lena har lenge hatt ein draum om å gjere ein hyllest til Eva Cassidy, og denne laurdagen blir draumen ein realitet her på Sjøborg.
I tillegg til songane blir vi også betre kjend med Eva Cassidy sitt liv og historia til mange av songane ho spelte inn. Med seg på scena har Lena ei solid rekke med fantastiske musikarar og songarar.
Leon Sætre - gitar, André Ramstad – piano, Sondre K Utgård – trommer, Malin Gjerde Yri – vokal, Peder Lundanes – bass, Helen E Røberg – vokal, Bente B Myrseth – vokal, Anja Naustenget – vokal og May Anita Horvli – vokal.
Salen er rigga som Club Sjøborg-konsept. Det vil seie flatt golv og småbord, med høve til å kjøpe seg forfriskningar.
Det er fritt seteval. For reservasjon av bord,kan de sende e-post til [email protected].
Advertisement
Where is it happening?
Sjøborg kulturhus og kino, Sjøgata 10,Ulsteinvik, Norway, AalesundEvent Location & Nearby Stays: