Ingvard Wilhelmsen - Sjef i eget liv // Sogndal Kulturhus

Schedule

Wed, 10 Feb, 2027 at 07:00 pm

UTC+01:00
Location

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | F, SF

Advertisement
Med humor, formidlingsevne og glimt i auget fyller professoren rommet med kloke ord og ei god dose sunn fornuft. Ingvard Wilhelmsen held føredrag for fulle hus landet rundt og er kjend som ein av Noregs aller beste foredragshaldarar.
La dette bli året då du blir «sjef i eige liv»!
Ingvard Wilhelmsen snakkar om korleis vi handterer press, omstilling, usikkerheit og risiko. Det meste av det som skjer i livet, kan vi ikkje gjere noko med – men korleis vi forheld oss til det som skjer, bestemmer vi sjølve. Mange brukar altfor mykje tid på unyttig tankeverksemd, men vi har sjølve ansvar for kva tankar vi handlar på. Dei fleste tankane våre er jo berre tull – tankar der vi bekymrar oss for ting som aldri faktisk kjem til å skje. Ingvard utfordrar korleis vi forheld oss til desse tankane. Dersom nokon skal vere sjef i livet ditt, må det vere deg sjølv!
Ta eit oppgjer med unødvendige bekymringar og plagsamt hovudbry.
Dette vil gi oss meir energi til å bruke på det livet elles har å by på. Det er mykje flaks og mange faktorar som spelar inn for å avgjere kor godt livet blir, og då løner det seg å bruke kreftene på det ein faktisk kan gjere noko med.
Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 24 år drive den anerkjende Hypokonderklinikken i Bergen og har skrive fleire bøker, mellom anna "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv", "Kongen anbefaler" og "Det er ikke mer synd på deg enn andre".
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 10. februar kl. 19:00-20:30.
Billettpris:
Ordinær kr 510,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbevis/følgjekortet skal visast i døra).
Advertisement

Where is it happening?

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, F, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sogndal Kulturhus
Host or PublisherSogndal Kulturhus

Ask AI if this event suits you