Gloppen Musikkfest 2026
Schedule
Tue, 01 Sep, 2026 at 12:00 pm to Sat, 05 Sep, 2026 at 11:59 pm
UTC+02:00Location
Sandane, Gloppen, Sogn og Fjordane County, Norway | Stryn, SF
Advertisement
September betyr alltid Gloppen, siste ettersmak av sommaren og fortryllande kammermusikk!Då vi for nokre år sidan la opp idéar og visjonar for åra som skulle kome hadde årets festival arbeidstittelen “jorda” - med det som gror, det som gir oss liv, det som forsvinn, det som held alt i hop, det vi øydelegg og det vi er.
Undervegs vart det tydelig for oss at vi vart meir og meir jorda det meir vi tenkte og programmerte. Vi ville attende til kjerna, til kammermusikken, til samspelet, til møtet mellom publikum og utøvarar - det som gjer at vi grøder. Vi ville senke dørterskelen og gjere porten vid, sleppe publikum tett innpå oss. Difor har vi vore frie i programmeringa, og lagt fleire av hovudkonsertane i mykje mindre lokaler enn tidlegare, Sandane kyrkje og bygdehuset Vonheim. I tillegg vert det som vanleg ein storslått tur innom kultursalen med Håvard Gimse ved flygelet.
Vi har samla framifrå festivalmusikarar som veit vil finne høve til å gneistre for glopparane, og vi garanterer store opplevingar i intime format frå en internasjonal gjeng med tydelege stemmer og sterk formidlingsevne.
Francisco López (fløyte), Maria Włoszczowska (fiolin), Anders Nilsson (fiolin), Aine Suzuki (bratsj), Charles-Antoine Archambault (cello), Jose David Ospina Gaviria (bass) og Håvard Gimse (piano) vil saman med våre kunstnarlege leiarar Ida Klokk-Bryhn (bratsj) og Audun Sandvik (cello) servere oss eit saftig program med spenn frå wienervals til kontemporær solobass. I tillegg får vi sjølvsagt treffe Distriktsmusikarane og årets Startgropa!
På toppen av hovudprogrammet får vi ein heilt spesiell kveld i Vonheim med kammerjazz og viser frå Maridalen og Lars Lillo-Stenberg. Vi gler oss!
Advertisement
Where is it happening?
Sandane, Gloppen, Sogn og Fjordane County, Norway, Sandane, Stryn, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















