Fri som fuglen - paragliding jorda rundt

Schedule

Sun Sep 13 2026 at 12:00 pm to 02:00 pm

UTC+02:00
Location

Herdla fort, 5315 Herdla, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Opning på Herdla museum
Opplev verda frå fugleperspektiv i ei luftig og inspirerande fotoutstilling.
Kva skjer når lidenskap for reiser, natur og svevande fridom møtest i lufta? I utstillinga Fri som fuglen - paragliding jorda rundt inviterer paragliderpilot og fotograf Ole Dalen og fotograf Merethe Leirvik deg med på ei visuell reise over nokre av dei mest spektakulære landskapa i verda - sett frå lufta.
Gjennom fotografi og filmklipp dokumenterer Dalen og Leirvik korleis paragliding er meir enn ein sport - det er ein livsstil, ei reiseform og ein måte å kome tett på naturen på. Frå dramatiske fjell og kystlinjer til rolege svev over dalar og jungel - bileta formidlar kjensla av fridom, høgdeskrekk og begeistring på same tid.
Dalen og Leirvik vil vera til stades på opninga for å fortelja om turane sine.
Gratis inngang og enkel servering.

Foto: Merethe Leirvik
Advertisement

Where is it happening?

Herdla fort, 5315 Herdla, Norway, Herdla Museum, Herdleåsen, 5315 Herdla, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Herdla Museum
Host or PublisherHerdla Museum

Ask AI if this event suits you