Tur til handelsstaden Heggholmen med ferdabåten Vestgar

Schedule

Sun, 13 Sep, 2026 at 09:30 am

UTC+02:00
Location

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Bli med på ei kulturhistorisk reise med den gamle rutebåten Vestgar. Turen går til Heggholmen der Egil Sæle og Trygve Fjeldstad frå Øygarden sogelag fortel.
Vestgar startar frå Bergen og stoppar innom Vindenes før den kjem til Kystmuseet. Her vert det eit opphald før turen går vidare til Heggholmen. Du velger sjøl på kva haldeplass du vil gå ombord, billettprisen er den same uansett - men ver nøye på å velge billett ut ifrå kvar du går på båten. Rutetidene ser du litt lengre ned i teksten.
Det blir sal av mat og drikke ombord.
På Kystmuseet får du sjå miniutstillinga om badekaret frå Heggholmen, samt mini-dokumentaren frå hentinga av det frå havets botn.
På Heggholmen går vi i land og Egil Sæle og Trygve Fjeldstad frå Øygarden sogelag fortel om Seneosen og historia til handelsstaden på Heggholmen. Her har det vore handel i fleire hundre år, så historiene er mange og spanande.
Til og med Håkon Håkonson har kjøpt snop her.
RUTETIDER:
09:30 Avgang Bergen
10:30 Ankomst/avgang Vindenes
11:30 Ankomst Kystmuseet
12:15 Avgang til Heggholmen frå Kystmuseet
13:00 Ankomst Heggholmen
14:15 Avgang Heggholmen
15:00 Ankomst Kystmuseet
15:15 Avgang Kystmuseet
16:00 Ankomst/avgang Vindenes
16:45 Ankomst Bergen
Velkomen ombord!
Arrangementet er del av Kulturverndagane 2026
Advertisement

Where is it happening?

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway, Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Kystmuseet i \u00d8ygarden
Host or PublisherKystmuseet i Øygarden

Ask AI if this event suits you