FRA JORD TIL RITUAL // Ein levande seremoni med Amarie Ateliér
Advertisement
Ei sansereise frå jorda, gjennom plantane og inn i kvardagen.
Plantane har følgt menneska gjennom generasjonar – som mat og te, i oljer og folkemedisinske tradisjonar, og som ein del av ritual, årstider og kvardagsliv.
Denne formiddagen inviterer Benedicte frå Amarie Ateliér kvinner til ei sanseleg samling, der me kjem tettare på urtene og blomane som veks rundt oss – og kunnskapen og tradisjonane som følgjer dei.
Du blir kjend med eit utval urter og blomar og lærer om sanking, eigenskapar og tradisjonell bruk. Benedicte deler også korleis du kan byggje opp ditt eige botaniske apotek og bruke plantane vidare i mellom anna te, mat, tinkturar og urteoljer.
Samlinga startar med ein roleg praksis med pust, mjuk rørsle og eigenberøring, der botaniske produkt frå Amarie blir vevde inn i opplevinga. Deretter samlast me til ein teseremoni der me ser, luktar og smakar på urtene medan Benedicte fortel om plantane, historiene deira og tradisjonell bruk.
Så får hendene ta del i kunnskapen. Kvar deltakar vel urter og blomar og bind si eiga seremonielle urtebunt – eit lite stykke av naturen å ta med heim.
Me avsluttar med lett urteinspirert servering og ein delingssirkel med rom for refleksjon, undring og spørsmål. Alle deltakarane får også med seg ein botanisk goodiebag med utvalde produkt frå Amarie Ateliér.
Sundag 20. september kl. 11–14
Kjellaren hos Reindyrka, Strandgaten 21, Bergen
Trapp til lokalet
Pris: 1290 kr
Prisen inkluderer te, lett servering, alle materialar og botanisk goodiebag.
Påmelding:
[email protected]
Påmeldinga er bindande. Avgrensa tal plassar.
Om Amarie Ateliér
Amarie Ateliér er eit rom for det feminine, med arbeid forankra i nærvær, naturens rytmar og kroppen. Benedicte arbeider mellom anna med seremoniar, breathwork, yoga, somatisk rørsle og kvinnesirklar.
I Amaries botaniske apotek lagar ho urteblandingar, oljer og andre botaniske produkt av nøye utvalde råvarer – som ei bru mellom naturen og kroppen.
Arrangementet er ein del av ØKOVEKA Bergen 2026

Where is it happening?
Reindyrka, Strandgaten 21, 5013 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherØKOVEKA Bergen