Forfattarsamtale med Hilde K. Kvalvaag og Eli Fossdal Vaage
Advertisement
Kvinner som går, kvinner som blir, kvinner som skriv
Velkomen til ein forfattarsamtale med Hilde K. Kvalvaag og Eli Fossdal Vaage på Knarvik bibliotek 17.9 kl. 19.
Dei to vestlandsforfattarane Hilde K. Kvalvaag og Eli Fossdal Vaage kom begge med nye romanar våren 2026. Begge skriv fram utprega kvinnelege erfaringar i romanane sine, og i denne samtalen møtest dei kring tema som makt og omsorg, livslange vennskap, kjærleik, kvinner som blir verande og kvinner som går, og korleis det er å kome frå små utkantar med eit ønskje om nettopp å vere kvinner som skriv.
Dei les frå dei nye bøkene sine og samtalar om det å skrive fram liv og erfaringar som ikkje alltid har fått stor plass i litteraturen.
Hilde K. Kvalvaag er aktuell med «Kvinner som går», ein roman om korleis kvinner handterer relasjonar til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong, og om gleda i det å gå. Dei er kvinner som går, men aldri frå kvarandre.
Eli Fossdal Vaage er aktuell med «Dei vaksne», ein roman om makt, vald og konsekvensane av ubearbeidde erfaringar – ei rå og original forteljing om å frigjere seg frå fortida.
Kvalvaag og Vaage deler eit litterært blikk på kvinners liv, relasjonar og val. Denne kvelden møter me dei i samtale om bøkene og temaa dei skriv om.
Arrangementet er gratis. Det er ingen påmelding.
Biblioteket – ein gratis møteplass for barn, unge, vaksne og eldre i Alver.
Eli Fossdal Vaage
Eli Fossdal Vaage er oppvaksen i Bjørsvik ved Osterfjorden, men bur i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 2014 med diktsamlinga «Hekla myter». I 2019 kom «Estalåni», den andre diktsamlinga hennar. For desse bøkene fekk ho Bokhandlarforeininga sitt forfattarstipend. I 2021 gav ho ut novellesamlinga «Grå hoppe». «Dei vaksne» er den første romanen hennar.
Hilde K. Kvalvaag
Hilde K. Kvalvaag bur i Bergen og har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har gitt ut tre romanar for vaksne, mellom anna «Skagerrak», som ho fekk Samlagsprisen for. Ho har òg skrive fleire bøker for ungdom.
Kvalvaag debuterte med ungdomsromanen «Hjarteklapp» i 2003, og fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka. Boka hennar «Nattsommarfugl» vart tildelt Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur i 2005. For ungdomsromanen «Fengsla» fekk ho Brageprisen i 2010.
Ved sida av forfattarskapen arbeider ho med skrive- og kunstterapi ved DPS i Bergen og på psykoseavdelinga på Sandviken sjukehus.

Where is it happening?
Knarvik Bibliotek, AMFI Knarvik, Kvernhusmyrane 29, 5914 Isdalstø, Norge, Bergen, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherAlver bibliotek