Sylfest Lomheim: Frontallappen - Kunstig intelligens som omsetjar?
Sidan appane rår over menneskets kvardag på 2020-talet, er det både rimeleg og venta at me menneske brukar appar til å levera meir eller mindre gode omsetjingar. Mennesket har i dag gjort data-omsette tekster til ein del av kvardagen. Difor må KIs språkgenerering verta tema her i starten, sjølv om hovudmålet med boka er å skrive om alle dei komplekse, intellektuelle prosessane som går føre seg i menneskehjernen under omsetjing. Dei prosessane som skjer i den fremre delen av hjernen, går føre seg nettopp i det området som går under nemninga "frontal-lappen".
Sylfest Lomheim (f. 1945) kjem frå Hafslo i Sogn. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. Han har skrive om omsetjing, omsetjingsteori, fagspråk og språknormering. Foredrag med forfattaren.
Where is it happening?
Event Location & Nearby Stays:


















