Falle til ro – Ein julekonsert 2026

Schedule

Wed, 16 Dec, 2026 at 08:00 pm

UTC+01:00

Location

Fosnavåg konserthus | Aalesund, MR

Advertisement
EVA TILBAKE TIL FOSNAVÅG MED JULEKONSERT!
"Falle til ro – ein julekonsert med Eva Weel Skram". Gled deg til onsdag 16. desember. Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skine. Ordinært billettsalg startar torsdag 19. mars kl. 10.
Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug. Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær jul-oppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning. Velkommen til julekonsert!
Advertisement

Where is it happening?

Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7,Fosnavåg, Norway, Aalesund

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Fosnav\u00e5g konserthus

Host or Publisher Fosnavåg konserthus

Ask AI if this event suits you: