Festkonsert - Freddie Mercury 80 år // UTSELD

Schedule

Sat, 29 Aug, 2026 at 07:30 pm

UTC+02:00
Location

Gomerhuset | Aalesund, MR

Advertisement
Konserten er no utseld! Meld deg på venteliste via billettlenka for å vere fyrst i køa om det vert ledige billettar.
Freddie Mercury var like mykje operaelskar som rockestjerne. Når Fjord Cadenza feirar at frontfiguren i Queen ville ha fylt 80 år, går reisa frå musikken som forma han - opera, musikal og soul, til dei evigunge slagerane han sjølv skapte.
Årets festkonsert under Fjord Cadenza skal hylle ein av dei aller største i populærmusikken, med Knut Marius Djupvik og Birgitte Velsvik saman med Sjøforsvarets Musikkorps. Freddie Mercury vart fødd 5. september 1946, og festivalen markerer 80-årsdagen hans med å løfte taket i Gomerhuset den 29. august.�
Freddie Mercury var ein lidenskapeleg opera - og musikalelskar heile livet, og det er den arven konserten byggjer på. Første avdeling kretsar om musikken som forma han — frå opera og musikal til soul. I andre avdeling tek Queen over, med slagerar som «Bohemian Rhapsody», «We Are the Champions» og «Don't Stop Me Now» i storslagne arrangement for korps, kor og solistar.
På scena står to solistar som til saman innehar heile spennet. Ålesund-fødde Birgitte Velsvik er like heime i opera som i musikal og soul. Ho har mastergrad i opera frå Mariinsky-akademiet i St. Petersburg, har tolka store operaroller og hatt sentrale roller i nokre av dei største musikalproduksjonane i landet. I år har vi hatt gleda av å følgje henne heilt til semifinalen i The Voice.

Det krevst ein artist av eit visst format for å hylla ein som Freddie Mercury. Knut Marius Djupvik, «Noregs ultimate entertainer» rører seg like uanstrengt mellom det vare og nære, kraftfulle arier, rock og pop. Det er det same spennet som gjorde Mercury til ein av tidenes største vokalistar. Knut Marius gjorde ein lignande konsert for ein utseld Peer Gynt-sal i Grieghallen nyleg.
Saman med Sjøforsvarets musikkorps, eitt av dei fremste profesjonelle blåseensembla i landet, under leiing av Rune Bergmann, ligg alt til rette for ein storslagen kveld. Dette er i tillegg Rune sin siste konsert som kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, så dette vert ein historisk kveld du ikkje vil gå glipp av.
Advertisement

Where is it happening?

Gomerhuset, Stadionvegen 25, 6260 Skodje, Norge, Aalesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Fjord Cadenza
Host or PublisherFjord Cadenza

Ask AI if this event suits you