Sturla Pilskogs film “ein er ei eiga eining” og konsert med Terjungensemble
Advertisement
Filmregissør Sturla Pilskog frå Hjørungavåg kjem heim til Hareidlandet for å vise sin seinaste film ein er ei eiga eining.
Publikum blir invitert til ei unik lokal premiere i industrihallen på Skeide, der bilete, lyd og rom smeltar saman til ei omsluttande oppleving.
Filmen får etterklang i musikken: Etter visninga følgjer ein konsert med strykeorkesteret Terjungensemble, som lèt verka leve vidare i stilla, resonansen og krafta som hallen forsterkar.
Om filmen:
Ein filmskapar og hans son som har autisme. Ein komponist og hans musikalske verk inspirert av dei langsame prosessane i dryppsteinsgrotter. To parallelle kjærleikshistorier.
Komponist Magnar Åm vandrar gjennom ei dryppsteinsgrotte djupt nede i jorda for å komponere eit musikalsk verk. Ein gong i veka fell ei dråpe frå stalaktitten ned på stalagmitten. Sakte, kanskje over millionar av år, veks dei saman. I eit slikt tidsperspektiv er menneskelivet nådelaust kort – men kanskje kan ein likevel sjå livet i dropen?
Regissør Sturla Pilskog strevar med å forstå røyndomen sonen, som har autisme, lev og handlar i. Gjennom fragmenterte minne frå sonen sitt utfordra sanseunivers prøver han å finne eit slags mønster. Med komponisten som filosofisk vegvisar forsøker regissøren å finne vegen inn til sentrum av dropen – og på mange måtar finne harmoni i livet.
I møtet mellom komponisten sitt sanselege univers og sonen sin autisme har Pilskog skapt ein rørande og kunstnarisk dokumentar – eller snarare ei reise i naturfilosofi – om avstand og nærleik mellom menneske.
Ein er ei eiga eining fekk verdspremiere på Cph:Dox, ein av verdas største dokumentarfilmfestivalar, og har med anna vunne prisen for beste kortfilm fra Vest under Bergen Internasjonale Film Festival. Juryen uttalte då:
“Eksistensielle temaer som harmoni og ensomhet, sanser og natur, ga oss en følelse av samtidig forståelse og undring. Filmen gjorde oss både tankefulle og nysgjerrige, også etter filmens slutt. Det er et poetisk og særegent verk som inviterer publikum inn og krever noe av oss som seere, samtidig som det fikk oss til å sitte ytterst på stolsetet. Med et utsøkt samspill mellom bilde og lyd skapes en nær og var stemning, vakker og rørende, som etterlater oss undrende og begeistret over de ulike aspektene i filmen. Dette er en film vi får lyst til å vende tilbake til igjen og igjen.”
Filmen varer ein halv time. Konserten som følger etter filmen varer i ca. 20 minutter.
Om konserten:
Terjungsensemble vart etablert i 2019 som eit prosjektbasert kammerorkester. Ensemblet er høgt verdsett i norsk musikkliv som eitt av dei leiande, uavhengige ensembla. Dei har etablert seg med ein tydeleg samtidsprofil og ei klar målsetting om jamnleg å bestille nye verk for kammerorkester. Fleire av desse bestillingsverka har fått nominasjonar og prisar. Ensemblet har samarbeidt med Åm over lang tid, med mange ulike verk. På Sunnmøre er operaen Kimen kanskje det mest kjende samarbeidet.
Det musikalske programmet i denne konseten består av tre verk:
"lyftas ut frå" operaen Kimen av Magnar Åm
"Glacier song" ll fra H2O triologien av Cecilie Ore
utdrag frå "kintsukuroi - den knuste krukka (haustsuite)" av Magnar Åm
Konserten varer omtrent ein halv time.
TERJUNGENSEMBLE
Lars-Erik ter Jung, dirigent
Musikarar:
Inga Mathilde Gorset, fiolin
Grace Rosier, fiolin
Iain Gibbs-Bergset, fiolin
Marit Egenes, fiolin
Emil Huckle-Kleve, fiolin
Mari Okshovd, fiolin
Anders Rensvik, bratsj
Inger Thommesen, bratsj
Ingvild Nesdal Sandnes, cello
Ulrikke Henninen, cello
Mathias Sunde Valseth, kontrabass
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Voksne kr 270,-
Born/ungdom under 18 år kr 0,-
Stad: Industrihallen på Skeide, Fløvegen 172
NB! Vi oppfordrar publikum til å ta varme klede på.
Stor takk til våre støttespelarar som gjer prosjektet mogleg: Kulturrådet, Vestnorsk filmsenter, Møre og romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre, Sparebank1SMN og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

Where is it happening?
Fløvegen 172, 6065 Ulsteinvik, Norge, Fløvegen 172, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or Publishertonehimmel