Eikemos leseselskap #1
Schedule
Wed May 06 2026 at 07:00 pm to 09:00 pm
UTC+02:00Location
Det Vestnorske Teateret | Bergen, HO
Advertisement
Velkommen til det aller første Eikemos leseselskap!Eg gler meg stort til å sjå dykk og til å snakke med kveldens gjest, den framifrå forfattaren Hilde Kvalvaag, som er romanaktuell med Kvinner som går, om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv.
Det handlar om tre kvinner som går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.
Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det eigentleg bra? Kor fri er ein? Bør ein gå frå partnaren? Lever ein eit autentisk liv?
Hilde Kvalvaag har skrive ein roman om korleis kvinner forheld seg til venninner, barn og menn, om lengsler og fridomstrong - og om gleda i det å gå.
I løpet av kvelden snakkar vi- med psykologisk innsikt og litterær teft: Kvifor er vennskap så godt litterært stoff? Og korleis har forfattarar gjennom ulike tider skrive om gode, dårlege og kompliserte vennskap. Husbandet Annlaug Børsheim set saman ei vennleg setliste til ære for dykk!
Anbefalt, men på ingen måte påkrevd, leseliste for kvelden:
Don Quijote av Miguel de Cervantes
Isslottet av Tajei Vesaas
Mi Briljante venninne av Elena Ferrante
Om de har spørsmål til oss om vennskap, enten til meg, Hilde Kvalvaag, huspsykologen Elisabeth Norman eller husbandet Annlaug Børsheim: send dei til meg, [email protected], så skal vi svare i løpet av kvelden.
Ta med ein venn og kom! her kan de melde dykk inn i selskapet:
https://portal.smartorg.no/action/reg/be686f6f
Billettar finn de i billettlenka
Medlemspris: 120
Ordinær: 250
Vi gler oss til å sjå dykk!
Beste helsing
Marit, Elisabeth og Annlaug
Advertisement
Where is it happening?
Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















