Det stille ropet

Schedule

Thu May 07 2026 at 09:00 am to 03:30 pm

UTC+02:00

Location

Radisson Blu Royal Hotel, Bergen (Bergen) | Bergen, HO

Advertisement
Konferansen skjer både fysisk og digitalt.
Pris: 690,-
🎯Tema:
"Identitet og kultur: Korleis forstå seg sjølv og andre når orda ikkje finst."
I mange etniske minoritetar er sjølvmord sterkt stigmatisert. Det gjer det ekstra vanskeleg for oss som ønsker å hjelpe menneske som kan vere i fare for å ta livet sitt, eller som har mist ein nærtståande i sjølvmord.
På konferansen vil LEVE Hordaland, LEVE Sogn og Fjordane og RVTS Vest ta opp desse utfordringane. Deltakarane får innsikt i kvifor dette eir eit krevande tema, og kva vi kan gjere for å vere gode og nyttige hjelparar.
Konferansen vil òg belyse utfordringane adopterte møter, og gi kunnskap om kva denne gruppa treng.
Bekrefta forelesarar:

🎤Mwamini Ali-Sivertsen
Mwamini er familieterapeut ved Bergen og Omland familiekontor, og etterlatt etter sjølvmord. I dette føredraget deler Mwamini si personlege historie som etterlatt, og korleis denne livshendinga har prega og forma arbeidet hennar som terapeut. Med utgangspunkt i masteroppgåva si belyser ho korleis sorg etter sjølvmord påverkar familierelasjonar, og korleis terapeutar kan møte etterlatne familiar med støtte og forståing. Ho viser korleis open dialog, emosjonell tilgjengelighet og profesjonell hjelp kan bidra til at familiar finn måtar å leve vidare med sorga – saman.
🎤Abid Raja
Abid er politikar, forfattar og samfunnsdebattant. Han vil dele si personlege historie om oppvekst, frigjering og håp. Abid formidlar ikkje politikk frå scena, men universelle erfaringar knytt til utanfor­skap, motstand og det å finne sin eigen veg. Abid vil berøre, engasjere og gi publikum rom for refleksjon – uavhengig av bakgrunn og livssituasjon. Abid har sjølv vore ærleg om dei høge kostnadene ved å stå i spagat mellom det norske og pakistanske miljøet, og kan slik formidle betre enn dei fleste om konferansens tema.
🎤Diana Patricia Fynbo
Diana er utdanna barnehagelærar med fordjuping i spesialpedagogikk og har lang erfaring med å jobbe med barn og unge innanfor ulike institusjonar. Jobbar som lærar i barneskulen og har ei vidareutdanning i psykisk helsearbeid med barn og unge. I tillegg har ho vore med på å opprette Norsk-Colombianos Forening (NCF), ein foreining av og for adopterte frå Colombia. Ho er også ein av grunnleggarane av Adopsjon i endring (AiE) – Ressurssenter for adopterte og deres familier.
🎤Sandra Haukaas
Sandra blei adoptert frå Brasil som seksåring. I dag jobbar ho som miljøarbeidar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, er mamma til to og aktiv i likepersonsarbeid gjennom Facebook-gruppa AdopterteSammen. Med eigne erfaringar som adoptert i møte med psykisk helsetenester, er ho oppteken av å løfte adopterte sine perspektiv i møte med hjelpeapparatet.
🎤Ingrid Bernsen
Ingrid vart født i Noreg, adoptert bort og vaks opp i ein adoptivfamilie. Ho skal prate om korleis mange adopterte opplever tap av identitet, manglande openheit om bakgrunn og forventningar om tilpassing. Ho vil løfte fram dei utfordringane som oppstår når ein veks opp utan språk eller rom for å snakke om at ein er adoptert, og korleis dette kan påverke sjølvforståing og tilhøyrsle. Ingrid er utdanna eq-terapeaut og driv i tillegg likepersonsarbeid saman med andre adopterte. Dei siste to åra har ho vore med å drive lågterskel gruppe for adopterte.
Advertisement

Where is it happening?

Radisson Blu Royal Hotel, Bergen (Bergen), Søstergården 1, 5003 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
RVTS Vest

Host or Publisher RVTS Vest

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Bergen

Pr\u00f8vel\u00f8p Sommernattsl\u00f8pet Bergen 2026
Wed, 06 May at 06:30 pm Prøveløp Sommernattsløpet Bergen 2026

Strandkaien 6, 5013 Bergen, Norge

Bobler til nasjonaldagen\ud83e\udd42 Vinsmaking med Goshi
Wed, 06 May at 07:00 pm Bobler til nasjonaldagen🥂 Vinsmaking med Goshi

Kanonhaugen 39, 5097 Bergen, Norway

Kaktus - et soloshow av og med Jonis Josef
Wed, 06 May at 07:00 pm Kaktus - et soloshow av og med Jonis Josef

Ole Bull Scene

Brave Love x The Send Week Bergen
Wed, 06 May at 07:00 pm Brave Love x The Send Week Bergen

Bergen Frikirke

Eikemos leseselskap #1
Wed, 06 May at 07:00 pm Eikemos leseselskap #1

Det Vestnorske Teateret

Arild Utaker: Vitenskap og kunstig intelligens
Thu, 07 May at 08:30 am Arild Utaker: Vitenskap og kunstig intelligens

GODT BRØD (Muséplassen)

God hjernehelse hele livet
Thu, 07 May at 11:00 am God hjernehelse hele livet

Christian Mchelsens gate 4, 5012 Bergen, Norway

Honda Roadshow 2026 - MC MARINE AS
Thu, 07 May at 12:00 pm Honda Roadshow 2026 - MC MARINE AS

MC MARINE AS

ENTERTAINMENT
Jenteb\u00f8lgen Bergen
Thu, 07 May at 05:00 pm Jentebølgen Bergen

AdO arena

MATKURS\ud83d\udd05SPANSK AFTEN,klassisk spansk tapas~sm\u00e5retter for deling.En sosial & gastronomisk opplevelse\u2661
Thu, 07 May at 05:30 pm MATKURS🔅SPANSK AFTEN,klassisk spansk tapas~småretter for deling.En sosial & gastronomisk opplevelse♡

Fana folkehøgskule i Bergen

FOOD-DRINKS HEALTH-WELLNESS
Wanda - Foredrag med Anders Heger
Thu, 07 May at 06:00 pm Wanda - Foredrag med Anders Heger

Bergen Offentlige Bibliotek

Tidsskriftlesesirkel for deg som l\u00e6rer norsk
Thu, 07 May at 06:00 pm Tidsskriftlesesirkel for deg som lærer norsk

Tekstallmenningen

What's Happening Next in Bergen?

Discover Bergen Events