Dora Thorhallsdottir - Liveet ass... // Sogndal Kulturhus
Schedule
Thu, 12 Feb, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
Livet ass er ei kritikarrost, morosam og personleg framsyning om Dora, som hamna i livskrise då mannen hennar fekk kreft i halsen. I denne krisa trong ho hjelp, så ho dykka ned i sitt indre beredskapslager av kunnskap – alt vi har blitt fòra med gjennom livet – på jakt etter noko som kunne gjere det lettare å stå i alt saman.Showet Livet ass handlar om alt rasket ho fann der, alt tullet vi har blitt utsette for: Kva lærte vi eigentleg av Tornerose, Snøkvit og dei andre eventyra? Eller barnesongane – kva er eigentleg bodskapen i Mikkel Rev? Og er det noko å hente frå timane med Rubiks kube eller moralen i Dirty Dancing? Kvar vart det av opplæringa til sjølve livet?!
Men showet handlar òg om korleis det eigentleg er å vere pårørande. Det alvorlege, skamfulle og vonde får òg plass i denne framsyninga – sjølv om det er standup.
Kort fortalt: ei svært humoristisk framsyning, ispedd eit godt dryss livserfaring om kva som skjer når du gir altfor mykje …
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: torsdag 12. februar kl. 19:00.
Varigheit: ca 70 minutt utan pause.
Billettpris: kr 485,-
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.













