Valentine’s Day – Ei smaksreise i sju rettar
Schedule
Sat, 14 Feb, 2026 at 08:00 pm to Sun, 15 Feb, 2026 at 12:00 am
UTC+01:00Location
Jølstravegen 722, 6847 Vassenden i Jølster, Norway | Førde, SF
Advertisement
Til alle turtelduer og gode vener!Kjærleik handlar om å ta seg tid. Tid til å sitte litt lenger, smake litt meir – og vere heilt til stades, saman, om det er nyforelska turtelduer, ektepar gjennom mange år eller gode vener
På Valentine’s Day inviterer vi til ein stemningsfull kveld med 7-retters gourmetmiddag, der kvar rett er nøye komponert for å spegle årstida, råvarene og det gode handverket. Dette er ein kveld for langsame smakar, dempa lys, levande lys på borda – og gode samtalar.
Menyen tek dykk med på ei kulinarisk reise, frå dei første lette smakane til ein avslutning som sit att lenge etter siste rett er servert. Vinpakke eller alkoholfritt alternativ kan leggast til for ei komplett oppleving.
Enten de feirar nyforelska kjærleik, mange år saman – eller berre ønskjer ein heilt spesiell kveld ute med gode vener– er dette ein kveld laga for tid til dei gode samtalene og selskapet.
Vi går for 1 bordsete denne kvelden, starter kl.20.00.
Hald av datoen, meir informasjon vil komme.
Kjøp gåvekort til jul, så kan du bruke dette på denne kvelden :)
Advertisement
Where is it happening?
Jølstravegen 722, 6847 Vassenden i Jølster, Norway, Jølstravegen 740, 6847 Vassenden, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.







