Den Store Roen 2026

Schedule

Sat, 22 Aug, 2026 at 10:00 am to Sun, 23 Aug, 2026 at 04:00 pm

UTC+02:00
Location

Bergen, Hordaland | Bergen, HO

Advertisement
Bergen kystlag, Sandviken kystlag og Vestland Fylkeskystlag inviterer til Den Store Roen 2026. Den Store Roen går av stabelen helga laurdag. 22. august til sundag 23. august. Årets rotur skjer i Bergen og på Byfjorden.
Meld deg på her:
https://www.letsreg.com/no/event/den_store_roen_2026_22082026#init
Påmeldingsavgift: 550 kr.
Unn deg sjølv opplevinga av å sjå Bergen frå tofta og høyr om lite kjende sider av soga til den 956 år gamle byen. Det skal roast gjennom straumar, under bruer, innom sentrale strok og ikkje minst vert det stogg og servering hjå både Sandviken Kystlag i Sandviken og Bergen kystlag på Storøyen i Eidsvåg. Hugs solkrem!
Me startar i Fløen, inst i Storelungeren. Her kan du parkera bil og hengar og sjøsetja båten. Ferda går så til Solheimsviken og Damsgårdsundet. Ved Småpudden får du høyra om fløttmenn og båtbygging i området. Deretter går ferda til Nøstet der me fyller opp Sydnes sjøbad med robåtar.
Vidare rundar me Nordnes og ror inn og ut Vågen, i kjølvatnet til strilane som selde fisk på Torget. Etter å ha runda Skoltegrunnskaien ventar det lunsj med fiskesuppe på land hjå Sandviken kystlag.
Laurdagens siste etappe går via Måseskjæret, Biskopshamn, Helleneset og endar opp på Storøya i Eidsvåg. Her ventar Bergen kystlag med opne armar. På Storøya kan det teltast og sovast under tak. Men før svevnen tek deg blir det grilling og flott sosialt program.
Sundag byr me på felles frukost før me kryssar Byfjorden. Ved Florvågøy kan det bli både bading og soga om eit vikingslag før ferda endar opp på Kirkebukten på Laksevåg. Her avsluttar me med eit måltid på kulturkafeen Lyst og Fryd.
Praktisk info om arrangementet:
Ankomst med bil og tilhengar:
Køyr til Møllendalsveien 70 A i Fløen. Her vil det vera tilgang mot nord ut på området som skal bli bystrand i Bergen. Du kan sjøsetja båten direkte frå bil og hengar eller du kan setja båten av tilhengaren og via ludnar ned på vatnet. Det er mogleg å sjøsetja fredag 21. august i tidsrommet 1700-2100. Parkering av bil og tilhengar kan skje i umiddelbar nærleik på det området der sjøsetjinga fann stad. Me jobbar med å avklara fortøyningsplass i nærleiken.
Sjøsetjing kan også skje laurdag 22. august i tidsrommet 0900-1100. Parkering av bil og tilhengar kan skje i umiddelbar nærleik på det same området. Dette området vert låst igjen i tidsrommet laurdag 22. august kl. 1100-sundag 23. august kl. 1600. Landsetjing av båtar skjer sundag i tidsrommet 1600-1830.
Ankomst med slepebåt på sjø:
Slepebåt kan fortøyast ved GC Riebers gjestebrygge på Marineholmen. Bruk appen GoMarina og velg Marineholmen for nærare info om villkår og tilbod. Merk at denne gjestebryggja er på innsida av gangbrua Småpudden, som har seglingshøgde 4,5 m. Det er mogleg å tinga bruopning på telefonnummer 55 56 78 15. Les meir om bruopning: https://www.bergen.kommune.no/innbyggerhjelpen/vann-vei-og-trafikk/bat-og-havn/havn/bestille-apning-av-smapudden
Ankomst per robåt:
Deltakarbåtar kan samla seg laurdag morgon ved moloen og flytebryggja ved Møllendal badeplass. Egen fortøyningsplan for Fløen blir posta seinare i Facebook-arrangementet for Den Store Roen 2026.
Informasjon om toalett og mat undervegs:
Oppmøte laurdag ved glasspaviljongen mellom flytebryggja ved Møllendal badeplass og Joker Møllendal. Her blir det utdeling av programhefte, kaffi og enkel servering. Tilgang på WC. Utror frå Fløen ca 1100-1115.
Ved stogg i Sydnes Sjøbad på Nøstet (ca 1215-1250) vert det høve til bruk av WC hjå Nøsteboden. Her blir det servert skillingsbolle.
Hjå Sandviken kystlag (ca 1445-1545) blir det servert lapskaus. Her er det tilgang på WC. Egen fortøyningsplan for Sandviken blir posta i Facebook-arrangementet for Den Store Roen 2026.
På Storøya i Eidsvåg blir det servert lapper og kaffi ved ankomsten. Her er det WC og det vert tent grillar, slik at du kan grilla medbrakt mat. Kystlaget byr på potetsalat og grøn salat. Sosialt med bord og benker. Her får du høyra om øya sin historie. Teltplasser på gras rundt omkring på øya. Egen fortøyningsplan for Storøya blir posta seinare i Facebook-arrangementet for Den Store Roen 2026. Det vil gå skyssbåt frå Storøya til Tømmervågen ved Njørd fram til ca kl. 2300 på kvelden for dei som ynskjer å tilbringa natta andre stader enn på Storøya.
Sjå info om Storøya på https://www.vestkystparken.no/tur/vestkystparkelementer/022134
Skyssbåt frå Tømmervågen ved Njørd til Storøya går klokka 0900 sundag morgon. Frukost: Juice, te og kaffi til deltakarane, øvrig mat er medbrakt.
Utror frå Storøya kl. 1000. Kanskje møter me DS Stord1 som er på badecruise til Salhus ute på Byfjorden. I Nordre Tjuavåg på Florvågøy vert det bading og lunsj-stogg. Etter roing gjennom Skitneholet er det mogleg å nytte WC hjå Småskjæret båtforening i Florvåg. Ved Florvågskjær vert det formidling om det store vikingskips-slaget ved Florvåg i 1194.
Roing til Kirkebukten på Laksevåg. Egen fortøyningsplan for Kirkebukten i samarbeid med Merkur båtforening blir posta seinare i Facebook-arrangementet for Den Store Roen 2026. Her får du høyra soga om båten Enigheden, som forøvrig blir leiarbåten under roturen. Det er mogleg å eta middag på kulturkafeen Lyst og Fryd. Send i så fall epost til [email protected] seinast tysdag 18. august for påmelding til dette. WC tilgjengelig. Sjå info om Lyst og Fryd på https://www.facebook.com/lystfryd/?locale=nb_NO
I Kirkebukten vert også det omvisning/orientering ved Laksevåg kulturhistoriske Forening. WC tilgjengelig.
Landsetjing av båtar i Fløen skjer sundag i tidsrommet 1600-1830.
Påmeldingsavgift: 550 kr.
Påmelding: https://www.letsreg.com/no/event/den_store_roen_2026_22082026#init
Advertisement

Where is it happening?

Bergen, Hordaland, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.

Ask AI if this event suits you