Brørne Løvehjarte | Nynorskhuset, Førde

Schedule

Sat Nov 15 2025 at 04:00 pm to 05:50 pm

UTC+01:00

Location

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF

Advertisement
– Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene – og om å finne motet i seg sjølv!
Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia handler om brørne Jonatan og Karl – eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala – til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.
Og det slepp han.
For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.
Kunstnarleg lag
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang
Regissør Miriam Prestøy Lie
Skodespelarar Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, m.fl.
Teaterforlag: Nordiska ApS – www.nordiska.dk
Brørne Løvehjarte er produsert i samarbeid med Den Nationale Scene
Advertisement

Where is it happening?

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge,Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Teater Vestland

Host or Publisher Teater Vestland

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Førde

Hildegunn & Leif-PER UTAN Kringkastingsorkestret \/\/ Askvoll
Fri, 21 Nov, 2025 at 07:30 pm Hildegunn & Leif-PER UTAN Kringkastingsorkestret // Askvoll

Askvoll Samfunnshus

Pippi feirer jul   ::: Sogndal Kulturhus
Thu, 27 Nov, 2025 at 06:00 pm Pippi feirer jul ::: Sogndal Kulturhus

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Dr. Bergland \u2013 p\u00e5 d\u00f8d og liv \/\/ F\u00f8rdehuset
Sat, 29 Nov, 2025 at 07:00 pm Dr. Bergland – på død og liv // Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

Teater Vestland: Br\u00f8rne L\u00f8vehjarte
Wed, 03 Dec, 2025 at 06:00 pm Teater Vestland: Brørne Løvehjarte

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Grand Kyiv Ballet: Sn\u00f8dronningen
Wed, 03 Dec, 2025 at 06:00 pm Grand Kyiv Ballet: Snødronningen

Markegata 51, 6906 Florø, Norway

Fri, 05 Dec, 2025 at 06:30 pm Eva Weel Skram in Førde

Førdehuset

What's Happening Next in Førde?

Discover Førde Events