Arild Rein - "Det Mørke Fastland 1980". Lansering med Rein og Janka!

Schedule

Fri Aug 28 2026 at 07:00 pm to 10:00 pm

UTC+02:00
Location

Johannes' gate 21, 4014 Stavanger, Norway | Stavanger, RO

Advertisement
Velkommen til lansering av Arild Reins nyaste utgivelse, “Det mørke fastland 1980”.
Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs.
Med Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?
Arild Rein leser denne kvelden frå boka akkompagnert av trommeslager Jan Christian “Janka” Lauritzen.
Advertisement

Where is it happening?

Johannes' gate 21, 4014 Stavanger, Norway, Johannes' gate 21, 4014 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Litteraturhuset i Stavanger
Host or PublisherLitteraturhuset i Stavanger

Ask AI if this event suits you