"Kva vil me med skulen?" - pedagogisk kafé i Førde
Schedule
Tue Sep 23 2025 at 06:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Larris Scene, Scandic Sunnfjord | Førde, SF
Advertisement
Bli med på Pedagogisk kafé det me set framtidas fellesskule på dagsorden.Panelsamtale leia av fylkesstyremedlem Bjørn Olav Tveit
Innleiing ved fylkesstyremedlem Marit Himle Pedersen
I panelet:
Thomas Synnevåg Øvstedal, rådgjevar fagutvikling skule (tidl. ass. rektor ved Halbrend skule)
Turid Irene Hatlem, rektor ved Slåtten skule
Gro-Merete Sårheim Dvergsdal, hovudtillitsvald og rådgjevar ved Skei skule
Ein skule med plass til alle, der born møtes uansett bakgrunn har lenge vore kjenneteiknet ved det norske skulesystemet. Skulen har gjennom åra vore den viktigaste fellesarenaen i samfunnet.
Korleis vil me ha det i framtida ? Regjeringa har sett ned Fellesskuleutvalet og bede dei koma med råd om framtidas fellesskule. Ingen frå lærarprofesjonen er med i utvalet.
Utdanningsforbundet Vestland vil bidra til debatt og inviterer til pedagogisk kafe for medlemmer og andre.
Skal skulen vera for alle i framtida ?
Korleis får me ein skule med plass til alle ?
Kva vil me bevara og kva treng endrast i skulen for å møta framtida?
Kva meiner lærarane om dette?
Kva meiner du?
Dette er eit ope møte der me håpar foreldre, besteforeldre, politikarar, næringslivet og andre med interesse for framtidas skule møter opp og deler sine tankar.
Set av kvelden, så sjåast me!
Framtida skapar me no!
Advertisement
Where is it happening?
Larris Scene, Scandic Sunnfjord, Storehagen 2, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: