Bransjetreff for scenekunstnarar i Vestland

Schedule

Sat Sep 27 2025 at 09:30 am to 09:00 pm

UTC+02:00

Location

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF

Advertisement
Velkomen til ein dag med fellesskap, fagleg inspirasjon og gode samtalar! Vi ønskjer å samle scenekunstnarar med tilknyting til Vestland fylke til eit bransjetreff som både styrkjer dei lokale nettverka og gjev rom for fordjuping.
Gjennom dagen vender vi blikket mot samtidsdramatikken – forteljingar som spring ut av vår eiga tid, våre stader og erfaringar. Desse tekstane kan både spegle oss sjølve og stille spørsmål som utfordrar, og på den måten bidra til å utvikle vår kulturelle beredskap.
Forfattar og dramatikar Maria Tryti Vennerød opnar dagen med ei innleiing som legg rammene for vidare samtalar. Deretter går vi saman inn i ein lesesirkel, der vi utforskar samtidige dramatikarar og tekstar i fellesskap – eit rom for å lese, reflektere og drøfte korleis og om teatertekstar kan belyse røynda vår her og no.
I tillegg til fagleg påfyll blir det tid til mingling og gode møte – både under måltid og i uformelle pausar. Dagen rundast av med middag på Røyst mat og vin, og eit felles teaterbesøk: urpremieren Amerikabreva av Lene Therese Teigen.
Førebels program
• 09.30–10.00: Oppstart og samling / kaffi og te
• 10.00–12.00: Innleiing og samtale med Maria Tryti Vennerød
• 12.00–13.00: Lunsj
• 13.00–14.30: Samling/lesesirkel – vi les scenetekstar av vår tids dramatikarar saman
• 14.30–15.00: Kaffi/te og mingling
• 15.00–16.00: Avslutning lesesirkel og felles samtale
• 16.30: Middag på Røyst mat og vinhus i Nynorskhuset
• 18.00-19.30: Framsyninga Eg er Lucy Barton (Teatersalen)
• 20.00: Felles besøk på urpremieren Amerikabrevet av Lene Therese Teigen (Scene 2)
Vi håpar dagen kan bidra til å styrkje både samkjensla i feltet og tilknytinga til Teater Vestland – som ein levande møteplass for scenekunstnarar i regionen.
Dette blir ein dag for å dele erfaringar, lytte til kvarandre og styrkje fellesskapet i scenekunstfeltet i Vestland.
Det er gratis å delta på bransjetreffet. Påmeldingsfrist er 17. september.
Har du spørsmål om arrangementet, kontakt [email protected]
Advertisement

Where is it happening?

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Teater Vestland

Host or Publisher Teater Vestland

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Førde

\u00d8RJAN BUR\u00d8E - "GREATEST VITS" \/\/ LIVE LARRIS SCENE
Fri, 26 Sep at 06:00 pm ØRJAN BURØE - "GREATEST VITS" // LIVE LARRIS SCENE

Storehagen 2, 6800 Fords, Norway

Vinsmaking med Vinory p\u00e5 Hj\u00f8rnevikbua Restaurant, Flor\u00f8
Fri, 26 Sep at 06:00 pm Vinsmaking med Vinory på Hjørnevikbua Restaurant, Florø

Hjørnevikbua Restaurant

Treverket  \/\/  Blaoboxen
Fri, 26 Sep at 07:00 pm Treverket // Blaoboxen

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

CONCERTS MUSIC
Sogndal Platemesse
Sat, 27 Sep at 10:00 am Sogndal Platemesse

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Tur til Fj\u00e6rland: Open dag p\u00e5 Vevstova p\u00e5 Skeide i Fj\u00e6rland
Sat, 27 Sep at 11:00 am Tur til Fjærland: Open dag på Vevstova på Skeide i Fjærland

Fjærlandsfjorden, 6848 Sogndal, Norge

Kurs i s\u00f8knadsskriving
Sat, 27 Sep at 02:00 pm Kurs i søknadsskriving

Langebruvegen 9, 6800 Førde, Norway

Feletonar fr\u00e5 utvandrarkista: kurs med Beth Hoven Rotto
Sat, 27 Sep at 02:30 pm Feletonar frå utvandrarkista: kurs med Beth Hoven Rotto

Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway

CONCERTS
Gaular 3000 ~ L\u00f8pskarusell p\u00e5 Sande
Sat, 27 Sep at 03:30 pm Gaular 3000 ~ Løpskarusell på Sande

Sande I Sunnfjord

Konsert med Kvitre \/\/ Laurdag 27. september kl. 17:00
Sat, 27 Sep at 05:00 pm Konsert med Kvitre // Laurdag 27. september kl. 17:00

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

CONCERTS

What's Happening Next in Førde?

Discover Førde Events