Vårryddedagen på Voldsund
Schedule
Sun Mar 22 2026 at 10:00 am to 01:00 pm
UTC+01:00Location
Voldsundvegen 54, 6094 Volsund, Norge | Aalesund, MR
Advertisement
Laurdag 21. mars er den nasjonale strandryddedagen Vårryddedagen og i dette høvet arrangerer vi strandryddeaksjon på søndagen på Voldsund. Aksjonen blir arrangert i samarbeid med Runde Miljøsenter, Opplev Runde, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal, Herøy Frivilligsentral, Herøy Kajakklubb, Remøy maritime services og Leine grendalag med fleire.
Aksjonen er open for alle og det er områder å rydde som passar for folk i alle aldrar. Opplev Runde stiller med noko lite å bite i og kaffi/saft. På aksjonen blir det utlevert ryddesekkar og hanskar. Planen er å få rydda mest mogleg av Voldsund + områda rundt. Herøy Kajakklubb planlegg tur rundt Voldsund og vil då kunne ta dei områda som er vanskeleg å nå til fots, medan andre frivillige ryddar forskjellige delar av området basert på kor langt dei ønskjer å gå og kor komfortable folk er med å ferdast i fjøra.
Etter ryddeaksjonen er det mogleg å bli med til Runde Miljøsenter ilag med Kari Prestgaard og Astor Andersen, som jobbar som kunstnarar og vil lage til kjekke aktivitetar i lag med oss. Les meir her:
https://fb.me/e/4bEJBphRK
Oppmøtestad blir ved Vestplast på Voldsund.
Hald av dagen og kryss fingrane for fint vêr (og i det minste ei snøfri fjøre)!
Ta kontakt med Ovidie Mari Lynge (e-post: [email protected]; tlf: 40623432) om du har nokon spørsmål.
Advertisement
Where is it happening?
Voldsundvegen 54, 6094 Volsund, Norge, Voldsundvegen 54, 6094 Volsund, Norge, Aalesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.









