Verkstad: Kunst og kultur i nytt klima
Schedule
Fri Mar 13 2026 at 11:00 am to 01:45 pm
UTC+01:00Location
Østre | Oslo, OS
Advertisement
Hetebølge på festival, heftig nedbør på verneverdige bygg, eller storm i kasta midt i turnéplanen. Korleis blir planlegging, produksjon og publikum påverka av endra klima og meir ekstremvêr? I denne verkstaden på klimafestivalen Varmere Våtere Villere i Bergen inviterer vi aktørar frå heile kunst- og kulturfeltet til å jobbe saman om desse spørsmåla. Vi startar med fagleg påfyll frå Julie Andersland (direktør i etat for bibliotek og kultur i Bergen), Øyvind Paasche (avdelingsleiar for klima i NORCE), og Jakob Grandin (seksjonsleiar for klima og risiko i Bymiljøetaten i Bergen kommune). Deretter jobbar vi saman.
Verkstaden blir ein pilot for Kulturdirektoratet, som ønskjer å støtte kultursektoren i arbeidet med klimatilpassing, samtidig som vi byggjer innsikt og forståing for korleis utfordringane ser ut for aktørane i feltet. Verkstaden blir leidd av Mia Frogner, berekraftsansvarleg klima og miljø i Kulturdirektoratet. Det blir enkel servering.
Du treng ikkje å ha festivalbillett til Varmere Våtere Villere for å vere med på verkstaden, men du må melde deg på her: https://www.kulturdirektoratet.no/kalender/verkstad-kunst-og-kultur-i-nytt-klima
Advertisement
Where is it happening?
Østre, Fossveien 13B, 0551 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















