Verdas poesidag: Kvifor snakke med katten?
Schedule
Fri, 21 Mar, 2025 at 06:00 pm
UTC+01:00Location
Ulvik folkebibliotek | Voss, HO
Advertisement
Verda poesidag blir markert 21. mars kvart år. Formålet er å skapa merksemd rundt lesing, skriving, publisering og læring av poesi over heile verda. Haugesenteret har lang tradisjon for å feira denne dagen, og i år blir ikkje noko unntak. Denne fredagen i mars hyller me poesi og dikting med eit føredrag ved vår eigen konservator, Stein Arnold Hevrøy. Me er glade for å feira dagen på Ulvik folkebibliotek! "Kvifor snakke med katten?"
- Dialogar i og mellom Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy si dikting -
Olav H. Hauge er ein av dei mest folkekjære diktarane i Noreg. Han skriv om enkle og kvardagslege ting mange av oss kan relatere oss til. Hauge er også blant dei lyrikarane forskarar har skrive og sagt mest om. I dette føredraget skal me sjå nærare på eit av dei sokalla nyenkle dikta til Hauge, nemleg «Katten», eit dikt overraskande få har tolka tidlegare. Det er altså på høg tid å kome i ein djupare dialog med «Katten», og det skal me gjera ved hjelp av diktinga til ein anna framifrå nynorskpoet, nemleg Kjartan Hatløy.
Katten
Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
(Hauge 1966/2010, 259)
Stein Arnold Hevrøy er konservator ved Haugesenteret og forskar på Hauge si dikting. Han har vore redaktør for fleire bøker med nye tolkingar av Hauge sin forfattarskap.
Arrangementet har fri inngang. Velkomen!
Advertisement
Where is it happening?
Ulvik folkebibliotek, Maritastykket 3,Ulvik, Norway, VossEvent Location & Nearby Stays: