Velkommen til Verkelegheita: Gunnhild Øyehaug
Schedule
Wed, 05 Mar, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
"Og dette er eigentleg det verste med historier: at dei må forteljast. Dei kan ikkje berre kome susande som ein komet og eksplodere på himmelen."Helga Mork har forsona seg med å leve åleine, som den smått isolerte forfattaren i vestlandsbygda Volke. Heilt til det flyttar inn eit forfattarpar i nabohuset i den vesle bygda, og Helga dessverre fell pladask for den gifte Even.
Med Her kjem sola har Gunnhild Øyehaug skrive ein kjærleiksroman, men i kjent øyehaugsk stil er det langt frå nokon rett fram-forteljing: Det er like mykje ei bok om språk, om det alternative universet Verkelegheita, om Hervor frå campingen og hønene hennar – og litt om Hamlet.
Gjennom femten romanar, novelle-, dikt- og essaysamlingar har Gunnhild Øyehaug etablert seg som ei av våre mest originale og leikne forfattarar. Få evnar som Øyehaug å få fram det makelause i det heilt kvardagslege, eller å skrive så liketil om alternative univers og overnaturlege hendingar.
Øyehaug har fått mellom anna Sultprisen og Doublougprisen for sin forfattarskap, og er gjendikta til ei rekke språk. I år kjem også dei samla novellene hennar ut i eit band.
Ein som har følgt Øyehaugs forfattarskap heile vegen, er forfattarkollega Johan Harstad. No møter han henne til ein samtale om brennande kjærleik, historieforteljing og alternative univers.
Advertisement
Where is it happening?
Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norway, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norge,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: