Utvandringsfestivalen 2026

Schedule

Fri, 03 Jul, 2026 at 06:00 pm to Sun, 05 Jul, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Velkommen til Utvandringsfestivalen 2026!
Det vert også i år eit variert program frå fredag til søndag.
Årets festival tek utgangspunkt i eventyrlystne utvandrarar som tok med seg skisporten til Amerika, men også var med på både gullgraving og utfordrande postlevering til barske områder.
Fredagskvelden i Saloonen opnar årets Utvandringsfestival med konsertar:
Vi startar med Præriesessions der unge stemmer får ei scene. Her er plass til fleire: ta kontakt om du vil opptre.
Så blir det humor, alvor og høgt tempo med ein gjeng som vil fortelja om livet i grønare strøk: Fela Bale er eit rockeband frå Radøy som spelar sjølvlaga humoristiske songar. God driv, songar på strilemål og ein god dose humor kan ein forvente når Fela Bale set i gong!
Laurdag er det tid for den tradisjonelle familiedagen på Prærien. Her kan heile familien bli med på aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika. Prøv deg på bogeskyting, lassokasting, gullgraving, laft eit hus eller ta Amerikabilete, skyt med luftgevær eller slapp av kring leirbålet.
Søndag er det duka for festivalmyldring.
Det blir festivalgudsteneste i Emigrantkyrkja, markering ved monumenta, aktivitetar, opne hus og utstillingar på Prærien, og eit spanande foredrag ved Gudmund Skjeldal.
Følg med for meir informasjon når det nærmar seg!
https://muho.no/vestnorskutvandringssenter/utvandringsfestivalen-2026
Advertisement

Where is it happening?

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway, Hellandsvegen 541, 5939 Alver, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Vestnorsk Utvandringssenter
Host or PublisherVestnorsk Utvandringssenter

Ask AI if this event suits you