Ukraina på Litteraturhuset: ukrainsk samtidslitteratur med Oleksandr Mykhed

Schedule

Tue Oct 13 2026 at 07:00 pm to 08:00 pm

UTC+02:00
Location

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway | Bergen, HO

Advertisement
«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie denne hausten som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina. Serien ​er støtta av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) sitt Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP).
​I samband med serien vår denne hausten «Ukraina på Litteraturhuset» har vi invitert den ukrainske forfattaren Oleksandr Mykhed (f. 1988). Mykhed er frå Kyiv og har skrive ei rekke romanar i tillegg til sakprosa og skriv jamleg for den britiske avisa The Guardian. For tida held han på med band to av ei bok som på engelsk har fått tittelen The Language of War, ei samling korttekstar om krigserfaring for sivilsamfunnet og einskildmennesket. Han har også saman med far sin, litteraturvitaren Pavlo Mykhed gitt ut ei bok om ukrainske forfattarar, De levende, og som bygger på ein podkast som dei laga saman som heiter «Stasjon 451». Oleksandr Mykhed har også skrive fleire bøker for barn som handlar om krig. Mykhed tener for tida i Dei ukrainske styrkane. Møt han i samtale med Ingunn Lunde, professor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen.
Samtalen vil vere på engelsk / The Conversation will be in english
150,–/120,–/60,–
Arrangør: Litteraturhuset i Bergen og Institutt for fremmedspråk (UiB) og prosjektet UA-FLEX
Ukraina-serien på Litteraturhuset i Bergen er finansiert av HK-dir sitt Program for Ukraina-kompetanse
Foto: Paul Meurer / Sasha Samusevych for The Village Ukraine
Omslag: Penguin
Advertisement

Where is it happening?

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Litteraturhuset i Bergen
Host or PublisherLitteraturhuset i Bergen

Ask AI if this event suits you