Trygg omtale av sjølvmord i kunst og media – og utdeling av Papagenoprisen
Advertisement
Når kunst, kultur og journalistikk rører ved sjølvmord – kva openheit hjelper, og kva kan skade?
I samband med Verdsdagen for sjølvmordsførebygging inviterer RVTS og LEVE til ein kveld om formidlingsansvar og livreddande historier. Kvelden markerer den første utdelinga av Papagenoprisen – ein ny nasjonal medie- og formidlingspris som løftar fram journalistikk, medieproduksjonar og kunst- og kulturuttrykk som gir håp og styrker trygge samtalar om sjølvmord.
Kvelden opnar med ei framføring av Papageno-arien frå Mozarts Tryllefløyta, etterfølgt av eit program som utforskar Werther-effekten og Papageno-effekten gjennom eksempel frå litteratur, film, musikk og seriar. Deretter samlar kunstnarar, journalistar og fagpersonar seg til ein panelsamtale om handlingsrommet: Kva kan kunst og media seie om sjølvmord – og korleis?
Kvelden blir avslutta med den høgtidelege overrekkinga av Papagenoprisen 2026.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Arrangert av RVTS i samarbeid med LEVE.
Panelsamtalen vert leia av Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk redaktørforening.
Prisen vert delt ut av Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister.
Bekrefta paneldeltakarar:
Ingeborg Senneset, journalist og forfattar
Linn-Jeanethe Kyed, manusforfattar og dramatikar
Meir informasjon om program kjem.
Les om Papagenoprisen: https://www.rvtsvest.no/aktuelt/papagenoprisen--formidling-som-gir-hap-nar-det-trengst-mest/

Where is it happening?
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherRVTS Vest