Trond Viggo og Mari i Vang med «Resten av livet»
Schedule
Thu, 15 Oct, 2026 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Vangshallen | Lillehammer, OP
Saman vil dei ha eit samtaleforedrag om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonistlivet, med humor, livserfaring og klokskap. I samtala løfter dei fram tema me kanskje ikkje er så flinke til å prate om, og heller dyttar framfor oss. Alt frå forvandlingar, val, venskap, familie, bustad, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter. Ei fase i livet som kan vere både befriande og forvirrande!
Kanskje vil desse to få oss til å tenkje litt nytt, kjenne etter kva som er viktig – og leve resten av livet med større bevisstheit og mot? Velkomen til eit foredrag som vil gi oss latter, ettertanke og inspirasjon å ta med seg vidare i livet!
Når: Torsdag 15. oktober 2026 kl 19.00.
Kvar: Vangshallen
Inngang: kr 150,- (betaling i døra) Påmelding til [email protected] // 46 81 64 73
Kaffi og biteti. Trond Viggo signerer bøker etter foredraget.
Kampanjen 55+ skal sette fokus på dei som er frå 55 år og oppover, og gjere vangsgjeldingane bevisste på å planlegge for alderdomen i god tid. Kampanjen bygger på planleggelitt.no som er utvikla av Senteret for et aldersvennlig Norge.
Arrangementet med Trond Viggo og Mari er ope for alle - uansett alder! :)
Lån gjerne boka «Resten av livet» på Vang folkebibliotek: https://vang.bib.no/cgi-bin/m2?mode=p&tnr=85147&frapop=t&sourceid=poptit
Foto: NRK
Where is it happening?
Vangshallen, Tyinvegen 5035, 2975 Vang, Norge, Lillehammer, NorwayEvent Location & Nearby Stays:


















