Torvald Sund: "Berre ein kjærleik"
Schedule
Thu, 22 Jan, 2026 at 06:00 pm
UTC+01:00Location
Melhus Bibliotek | Trondheim, ST
Med "Berre ein kjærleik" har Torvald Sund fullført ein romantrilogi som byrja med "Seglet og dansen" (1999) og heldt fram med "Bøt nota, fang livet" (2016). Bøkene er eit rikt portrett av fiskarbondefamilien Yttersia gjennom fleire generasjonar, og av arbeid, samfunn og rivande utvikling på Fosen og i Trøndelag frå slutten av 1800-talet til og med andre verdskrigen.
Torvald Sund er ein merittert og folkejær forfattar og dramatikar, som har gjeve ut mange titals bøker for born, ungdommar og vaksne heilt sidan slutten av 70-talet. På Melhus bibliotek møter han Erlend Skjetne til samtale om den nye romanen sin, den sluttførte trilogien og forfattarskapen som heilskap.
Arrangementet, inkludert kaffi og noko å bite i, er gratis. Alle er hjarteleg velkomne!
Where is it happening?
Melhus Bibliotek, Rådhusvegen 2, 7224 Melhus, Norge, Trondheim, NorwayEvent Location & Nearby Stays:


















