Thorstein Veblen-kveld
Schedule
Thu, 06 Nov, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway | Lillehammer, OP
Advertisement
Den norskætta amerikanske sosiologen og samfunnsøkonomen Thorstein Bunde Veblen (1857-1929) har satt djupe spor i samfunnsvitskapane, særleg gjennom kritikken av kapitalismen og utviklinga av institusjonell økonomi, ein ny samfunnsøkonomisk teoritradisjon. Han var professor ved universitet i ulike delar av USA og ga ut fleire bøker og artiklar der han la vekt på institusjonar og tradisjonar sin påverknad av det økonomiske livet. Boka The Theory of the Leisure Class (1899) var ein kritikk mot den moderne amerikanske marknadsøkonomien der makta havna hjå ei mektig bestyrarklasse, «the leisure class». Veblen meinte klassen plyndra samfunnet sine rikdomar for sidan å ta dei i bruk gjennom å kopiere kvarandre i ei tom statusjakt ved prangande forbruk.
Veblen var son av to utvandrarar frå Vang i Valdres. Vang var – og er framleis – ei utviklingsorientert fjellbygd der mangesysleriet har hatt betydning for livsinnkoma til innbyggarane. Vang var – og er til dels fortsatt – ei bygd der fokuset på ætt og opphav har hatt betydning for det sosiale og kulturelle samspelet.
Foredragshaldarar: Professor Erik Reinert og avdelingsdirektør ved Anno museum og professor II i historie ved Universitetet i Innlandet, Terje Mikael Hasle Joranger.
TID: Torsdag 6. november 2025 kl. 19 (NB: Ny dato)
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea
Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.
Advertisement
Where is it happening?
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.







