Terje Sporsem og John Brungot - Høy og Mørk // Sogndal Kulturhus
Schedule
Thu, 29 Oct, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
MacGyver Entertainment presenterer i samarbeid med Grusveien EntertainmentTerje Sporsem og John Brungot
Høy og Mørk
To av Noregs mest populære komikarar har slått seg saman med eitt mål for auge: Å gi deg eit skikkeleg artig show! Og DET trengs når verda stadig meir er på veg ut av hengslene.
Høg og Mørk er ei framsyning spekka med standup, musikk og parodiar, og vi kan love at latteren sit laust når John og Terje tek for seg tema som høge og mørke maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonfliktar – og frykta for plutseleg å vere den eldste i familien.
Kvifor vil nokon endre verda etter fylte 75? Var livet mindre komplisert på 80- og 90-talet? Og kan ein fake seg gjennom det meste her i livet? Terje og John tek for seg nokre av dei store og viktige spørsmåla i livet … men også ting du ikkje visste at du trong svar på.
Gjer deg klar for ein kveld fylt med masse latter og god stemning!
John Brungot er ein av Noregs mest ettertrakta humoristar og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Han har vunne prisen Årets TV-komikar under Komiprisen og har vore med i humorprogram som Torsdag kveld frå Nydalen, Nårje og Søstrene ser på TV. John har òg vore programleiar for fleire store TV-suksessar. For tida er han å sjå i Humoretaten på NRK.
Terje Sporsem er ein av landets mest folkekjære standup-komikarar og har sett opp fleire soloshow som har fått toppkarakterar og framleis blir viste jamleg på NRK. Han har òg ein lang TV-karriere bak seg og har vore programleiar for ei rekkje program og har også gjort seg bemerka som deltakar i flere populære konsept. Han har blitt tildelt "Stå opp-prisen" og er mange gonger Komipris-nomiert. I 2026 feirar Terje heile 30 år som komiker.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 29. oktober 2026, kl. 19:00.
Varigheit: ca. 75 minuttar (utan pause).
Billettpris:
Ordinær: kr 615,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (NB! Følgjekort skal visast i døra).
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.










