Telemarkfestivalen 2026 | FredagsFOLK

Schedule

Fri, 07 Aug, 2026 at 08:00 pm to Sat, 08 Aug, 2026 at 02:00 am

UTC+02:00

Location

Kroa i Bø | Notodden, TE

Advertisement
FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, Reolô
Fredag 7. august 2026
Kroa i Bø, kl. 20:00
435,- inkl. bill.avg. (Ein billett for heile kvelden)
Velkommen til det som garantert vert ein fantastisek konsetkveld på Kroa i Bø fredag 7. august:
Kl 20:00 - Dørene opnar
Kl 21:00 - Rosensfole 2026
Ca kl 22:30 - AySay
Ca kl 00:00 - Reolô
Obs! 18 års aldersgrense med vergeordning.
------------------------------------------------
Kl. 21:00 - Rosensfole 2026
I november 2025 presenterte Riksscenen i Oslo konserten, «Arven etter Agnes». Som ein del av denne konserten framførte barnebarnet Magnhild Garnås Haugen og eit flott band leia av bøhering Audun Rørmark eit knippe låtar frå den legendariske plata, «Rosensfole», som Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek gav ut i 1989. Dette gav meirsmak og bandet har heldt fram med å vidareutvikle repertoaret, så vel som å skape ny musikk i lag.
I denne konserten vil ein av landets mest framstormande, unge kvedarar og eit stjernelag av unge jazz- og folkemusikarar blese nytt liv i den velkjende og folkekjære plata med eigne tolkingar. Dei vil òg presentere heilt ny musikk, skrive av Magnhild Garnås Haugen, for alle første gong.
Det er mykje snakk om folkemusikkbølga som herjar for tida, og me er ganske sikre på at denne konserten vil syte for at denne bølga tek til i styrke!
Medverkande:
Magnhild Garnås Haugen – vokal
Audun Rørmark – fele, vokal
Jon Espelid – trommer
Gard Kronborg – bass
Benjamin Gisli – piano
Ola Erlien – gitar
Ca. kl 22:30 - AySay
AySay er eit band som foreinar anatolske folketradisjonar og nordisk elektronika gjennom røtene til vokalist Luna Ersahin. På tyrkisk, kurdisk og dansk skaper dei eit psykedelisk rom der grensene blir viska ut, og berre den rå, menneskelege opplevinga står att – ein stad mellom håp og håpløyse. Musikken til AySay hyllar mangfaldet og byggjer bru mellom kulturar, noko som gjer dei til ei markant røyst på den globale musikkscena.
Med Luna Ersahin sin dragande og kraftfulle vokal i front, og dei virtuose musikarane Aske Døssing Bendixen og Carl West Hosbond ved si side, skaper AySay eit musikalsk univers som tek lyttaren frå nordiske landskap til hjartet av Anatolia. Ved å kombinere tradisjonelle instrument som saz med moderne pop og elektroniske element, formar AySay eit nyskapande lydbilete som bryt med sjangrar og samlar verder.
Me har prøvd i fleire år, og no klaffa det endeleg med å få AySay på Telemarkfestivalen!

Medverkande:
Luna Ersahin – vokal, saz, synth
Aske Døssing Bendixen – perkusjon, elektronikk
Carl West Hosbond – gitar
Ca. kl 00:00 - Reolô
Reolô er ein kvartett beståande av sprelske multi­-instrumentalistar med utgangspunkt i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga «open klasse». I mars 2025 sleppte dei plata «Dystopi Delete» til storslåtte meldingar.
Musikalsk rører bandet seg frå norsk slåttemusikk, via rocka groover med inspirasjon frå både Vest-Afrika og Amerika, til reine energiutblåsingar. Eller som Arvid Skancke-Knutsen skreiv i Klassekampen: «som om Velvet Underground i all hemmelegheit hadde øvd i årevis i eit stabbur». Reolô viser ein musikalsk heilskap i all sin variasjon, sitt alvor og si leikenheit.
Med tekstar om prepping, saueflokken i full fart mot stupet og ein hard vår prøver bandet å treffe samtida presist, medan fokuset på groove, tett samspel og gammaldags tonalitet gjev musikken eit smått tidlaust preg. Reolô har vorte eit slags «superband» - både innan norsk folkemusikk og rock.
Medverkande:
Anders Røine – vokal, gitar, langeleik, munnharpe
Hans Kjorstad – vokal, fele, synth
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, munnharpe, vokal
Magnus Skavhaug Nergaard – bass
Velkomen!
Advertisement

Where is it happening?

Kroa i Bø, Lundevegen 61,Bø i Telemark, Notodden, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Telemarkfestivalen

Host or Publisher Telemarkfestivalen

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Notodden

Telemarkfestivalen 2026 | Songliner - med songen i g\u00e5ve
Sat, 08 Aug at 05:00 pm Telemarkfestivalen 2026 | Songliner - med songen i gåve

Gullbring Kulturhus

\ud83c\udfa4 Johanne M\u00f8llerbr\u00e5ten m\/band \u2013 live i Bistro Svilla 8\/8\/26
Sat, 08 Aug at 08:00 pm 🎤 Johanne Møllerbråten m/band – live i Bistro Svilla 8/8/26

Liagrendvegen 71, Akkerhaugen, 3812 Gvarv, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
Gaukenfestivalen 2026
Fri, 14 Aug at 03:00 pm Gaukenfestivalen 2026

Vinje i Telemark

PARTIES ENTERTAINMENT
Cars on the Beach 2026!
Sat, 15 Aug at 11:00 am Cars on the Beach 2026!

Kilen Camping

TRIPS-ADVENTURES CAMPING
130 hrs. course: A deep dive - Yoga, Nature & Regenerative living, 15th - 30th August 2026
Sat, 15 Aug at 02:00 pm 130 hrs. course: A deep dive - Yoga, Nature & Regenerative living, 15th - 30th August 2026

Åmotsdalsvegen 52, 3841 Flatdal, Norway

HEALTH-WELLNESS WORKSHOPS
Espen Abrahamsen \/\/ Livescenen p\u00e5 Bok & Blueshuset
Sat, 15 Aug at 07:00 pm Espen Abrahamsen // Livescenen på Bok & Blueshuset

Storgata 1, 3674 Notodden, Norway

Countryfest med Mini Jacks p\u00e5 Veggli
Sat, 30 May at 10:00 pm Countryfest med Mini Jacks på Veggli

Veggli fjellstue

Lur\u00e5sstemnet 2026
Fri, 05 Jun at 07:00 pm Luråsstemnet 2026

Luråsmogan 51 3650 Austbygde Norge

Victoriafestivalen 2026
Fri, 12 Jun at 10:00 am Victoriafestivalen 2026

Kviteseidgata, Kviteseid

Countryfestivalen 22. - 26. juli 2026
Wed, 22 Jul at 09:00 am Countryfestivalen 22. - 26. juli 2026

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord, Norway

Countryfestivalen i Seljord
Wed, 22 Jul at 12:00 pm Countryfestivalen i Seljord

www.countryfestivalen.no

Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: "Viser fr\u00e5 f\u00f8r"
Thu, 06 Aug at 07:00 pm Telemarkfestivalen 2026 | Tingingsverk: "Viser frå før"

Gullbring Kulturhus

CONCERTS MUSIC
Telemarkfestivalen 2026 | FredagsFOLK
Fri, 07 Aug at 08:00 pm Telemarkfestivalen 2026 | FredagsFOLK

Kroa i Bø

MUSIC ENTERTAINMENT
Gaukenfestivalen 2026
Fri, 14 Aug at 03:00 pm Gaukenfestivalen 2026

Vinje i Telemark

PARTIES ENTERTAINMENT

What's Happening Next in Notodden?

Discover Notodden Events