Teater i Bekkjarvik Park - Det suser i sivet

Schedule

Thu Jul 09 2026 at 04:00 pm to 05:00 pm

UTC+02:00
Location

Bekkjarvik Park | Bergen, HO

Advertisement
Det er duka for storslått piknik i dyreriket!
Møt den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, gamle Herr Grevling og den heilsprø småkongen Padda. Opplev ein dag som skulle starte så flott og roleg, men som fort vert farga av Paddas fart, sprell og heilsprø påfunn!
Vi inviterar inn i universet til “Det suser i sivet”, den britiske barnebok klassikaren av Kenneth Grahame, og byr på ei morosam og koseleg utandørs teateroppleving for store og små.
Passar frå 3-8 år
Varigheit: ca. 1 time
Oppmøte:
Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.
Restriksjonar:
Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund.
Ansvarsfråskriving:
All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.
Kunstnerisk team:
Løst basert på boka av: Kenneth Grahame
Dramatisert av: Skodespelarane, Tora Troe, Adele Lærum Duus og Lina Taule Fjørtoft
Regissør: Adele Lærum Duus
Scenografi og kostymedesign: Tora Troe
Skodespelarar: Stine R. SvellingenKristian Garmanslund, Kristine Alida Netteland, Thomas B. Brandt
Inspisient: Bekka Vik Erlandsen
Produsent: Stine R. Svellingen
Musikalsk ansvarleg: Elise Nonseid
Musikalsk medhjelper: Kaja Linder Henriksen
Kostymeassistent: Signe Duus, Kari Anne Rasmussen
Rekvisitør: Thomas B. Brandt
Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterar no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte.
Meir om Eventyr i Parken: www.eventyriparken.no
Advertisement

Where is it happening?

Bekkjarvik Park, Nordre Drivenes 12, 5397 Bekkjarvik, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Eventyr i Parken
Host or PublisherEventyr i Parken

Ask AI if this event suits you