Surfesymposium 2026

Schedule

Fri, 16 Oct, 2026 at 06:00 pm to Sun, 18 Oct, 2026 at 04:00 pm

UTC+02:00
Location

Hoddevika, 6750 Stad, Norge | Sunndal, SF

Advertisement
Surfesymposium 2026 !!
Hei, no er alt klart til årets store padlehending: Surfesymposiet i Hoddevikja!! Huset ved stranda er klart, instruktørane Edd Bjørke og Qystein Pilskog er klare, bølgjene er klare, er du klar?
Det går føre seg 16.-18. oktober, i Hoddevikja på Stadt.
Om det er noko du lurer på, ta kontakt med oss og spør.
Kanskje du trur at dette er ekstremsport berre for dei få, galne og sprekaste? Då kan du få vita, at det vert gjort grundige risikovurderingar ut i frå forhold og deltakarkompetanse, alle skal koma vèl heim att 🙂 . Og, om du aldri før har gått rundt i ein kajakk, og padla berre flat fjord, er dette likevel noko for deg. Nesten same kor store bølgjene vert der ute, er der alltid eit parti nærast stranda, der dei bryt ned til ein liten skumskavl, som gjev god trening i bølgjepadling. Instruktøren er heile tida nær deg, og om du ikkje har velta før, vil du få dine fyrste velt med instruktøren ved di side, på grunt vatn. Du kjem til å verta utfordra, men heile tida i trygge former.
Vi deler opp i grupper, og dei som har trening frå tidlegare, vil òg få utfordringar.
Uansett ståstad/padlekompetanse, vil du vera ein betre padlar etter symposiet, og du vil garantert ha kosa deg saman med gode medpadlarar
Advertisement

Where is it happening?

Hoddevika, 6750 Stad, Norge, Sunndal, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Gloppen Padleklubb
Host or PublisherGloppen Padleklubb

Ask AI if this event suits you