Stand Up Norge AS presenterer «ARE KALVØ – BERRE BØNDER LENGTAR HEIM»

Schedule

Fri Mar 21 2025 at 08:00 pm

UTC+02:00

Location

Kolben kulturhus | Oslo, OS

Advertisement
Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land. Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk. Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.
Advertisement

Where is it happening?

Kolben kulturhus, Strandliveien 1,Kolbotn, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Kolben kulturhus

Host or Publisher Kolben kulturhus

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Oslo

Frog Leap \/\/ Rockefeller \/\/ Pres. av Live Nation
Thu Mar 20 2025 at 08:00 pm Frog Leap // Rockefeller // Pres. av Live Nation

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

MUSIC ENTERTAINMENT
SEST: SOMATIC EGO STATE THERAPY\u00ae TRAINING 21.-23. March 2025- Spring 2026 IN OSLO NORWAY.
Fri Mar 21 2025 at 11:00 am SEST: SOMATIC EGO STATE THERAPY® TRAINING 21.-23. March 2025- Spring 2026 IN OSLO NORWAY.

Olympiatoppen Sportshotell, Part of Scandic

WORKSHOPS
Kvartettserien: Brooklyn Rider
Tue Mar 25 2025 at 08:00 pm Kvartettserien: Brooklyn Rider

Gamle Logen

Night of Famous Musicals \/\/ Sentrum Scene \/\/ 25.03.25
Tue Mar 25 2025 at 08:00 pm Night of Famous Musicals // Sentrum Scene // 25.03.25

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

CONCERTS
Henning Kvitnes & Gutta i bandet \u2013 Mens jeg enn\u00e5 er 66 \/\/ Sentrum Scene
Thu Mar 27 2025 at 08:00 pm Henning Kvitnes & Gutta i bandet – Mens jeg ennå er 66 // Sentrum Scene

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

MUSIC ENTERTAINMENT
Astrid S in Oslo
Sat Mar 29 2025 at 07:30 pm Astrid S in Oslo

Oslo Spektrum

Alison Moyet - F\u00c5 BILLETTER \/ Sentrum Scene \/ Pres. av Live Nation
Mon Mar 31 2025 at 07:00 pm Alison Moyet - FÅ BILLETTER / Sentrum Scene / Pres. av Live Nation

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

What's Happening Next in Oslo?

Discover Oslo Events