Sondre Lerche // Sogndal Kulturhus

Schedule

Sat, 31 Oct, 2026 at 07:00 pm

UTC+01:00
Location

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF

Advertisement
Sondre Lerche & Bandet legg ut på Acrobats-turné i Noreg!
Billettslepp er måndag 8. juni kl. 10:00.
Sondre Lerche er som kjent på veg ut av hiet sitt med ny musikk og store planar for 2026. Nyleg vart låta «Little Kids» sleppt, til glede for langt fleire enn meldaren i Dagsavisen, som gav terningkast seks og skildra låta som «Lerche på sitt beste, og eit steg vidare inn i eit nytt kapittel vi ser fram til med spenning».
Dette neste kapittelet krinsar rundt albumet Acrobats, som kjem ut 21. august. Etter ein intensiv USA-turné i september ventar ein retur til heimlandet saman med det høgt elska, elastiske og topptrente bandet sitt, beståande av Chris Holm på bass, Alexander von Mehren på tangentar og Dave Heilman på trommer.
Dei to storslåtte og utselde festframsyningane i Operaen i fjor gav publikum både hakeslepp og gåsehud, og sette ein ny standard for kva ein norsk popartist kan få til på ei scene i kunstens namn. I haust lengtar Lerche etter å kome tettare på publikum, dei kjære musikarane sine og den enorme songkatalogen sin.
Tidlegare har Lerche annonsert heile seks unike konsertar på Parkteatret i Oslo over to langhelger på rad, 15.–17. oktober og 22.–24. oktober. No blir opplevinga utvida til å omfatte ytterlegare ti norske byar i løpet av oktober.
– Vi tek med oss eit ganske stort repertoar av både gammalt og nytt denne gongen. Eg har lyst til å hente fram ein del eldre songar vi ikkje har spela på ei stund, og som kanskje kan blomstre side om side med dei nye Acrobats-låtane. Det nye materialet er ganske storslått og utruleg kjekt å spele, og bandet er meir groovy og svoltent enn nokon gong. Vi gler oss enormt til å vere saman att, og til å møte publikum i tette og intime klubbomgjevnader, seier Lerche om Noregsturneen.
– Vi feirar også at vi har spela saman i 15 år, og både samhaldet og musikken stikk djupt for oss. Dette er noko av det finaste vi gjer og opplever, fortel Lerche.
Allereie i den første veka av året sleppte Lerche ny musikk i form av EP-en Turning Up The Heat Again. Dei tre låtane fekk strålande meldingar over heile landet, med femmarar mellom anna frå Aftenposten, Dagsavisen, Bergens Tidende og Klassekampen. Sistnemnde skreiv at Lerche «knapt har skrive så gode og ambisiøse tekstar som her, og klarer å fange uroa i samtida. I 2026 bankar han på døra til nokre av dei store engelskspråklege pop-poetane». Meldaren i Aftenposten kalla samstundes Lerche «ein av Noregs største popmusikarar».
Sidan denne utgivinga har Sondre gjort seg ferdig i rolla som låtskrivaren Christian i Moulin Rouge! The Musical på Chateau Neuf, i det som til saman vart 130 framsyningar for fulle hus. No er Sondre Lerche endeleg tilbake som seg sjølv.
Acrobats kan allereie førehandsbestillast på CD og LP, og blir oppfølgjaren til det førre albumet hans, den Spellemannpris-vinnande dobbelt-LP-en Avatars Of Love, som var ei av dei mest kritikarroste utgivingane i 2022.
No ventar nye karrierehøgdepunkt og fleire rystande vakre, intense og minneverdige møte med publikum.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 31. oktober kl. 19:00.
Billettprisar:
Ordinær: kr 520,-
Student: kr 420,- (studenbevis skal visast i døra)
Under 18 år: kr 420,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (Ledsagerbevis/følgjekort skal visast i døra. Hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).
Advertisement

Where is it happening?

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sogndal Kulturhus
Host or PublisherSogndal Kulturhus

Ask AI if this event suits you