SLT-seminar med Cengiz Al
Schedule
Wed Nov 26 2025 at 03:00 pm to 06:00 pm
UTC+01:00Location
Aukraringen 3, Aukra | Molde, MR
Advertisement
For tilsette, foreldre og frivillige som har eit rus- og kriminalitetsførebyggjande ansvar for barn og ungeAukra kommune har valt å organisere det rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeidet etter SLT-modellen. SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. Felles innsats for ein tryggare kvardag er eit viktig bodskap i SLT-arbeidet. Dette inneberer mellom anna å involvere alle som har eit rus- og kriminalitetsførebyggjande ansvar for barn og unge i førebyggingsarbeidet som bygger opp om ordtaket - It takes a village to raise a child.
26. november blir Aukra sitt 6. SLT-seminar arrangert. Seminaret er for tilsette, frivillige og foreldre med eit rus- og kriminalitetsførebyggande ansvar for barn og unge.
La oss bruke denne mogelegheita til å møtast i eit fora der vi kan bygge fellesskap på tvers av foreldre, frivilligheita og tilsette og la oss bli inspirert saman til å skape ein trygg kommune der alle kjenner at dei høyrer til.
Program:
15:00 – 15:40 MINGLING OG SERVERING
15:40 – 15:45 Opning av Rita Rydheim Hjellset, SLT-koordinator i Aukra kommune
15:45 – 16:45 “Fra rastløshet til suksess – mot, mestring og kunsten å fokusere” av Cengiz Al. Føredraget tar utgangspunkt i Cengiz’ eiga historie – om ein rastlaus gut med høgt energinivå, som måtte lære seg å finne retning, bruke kreftene riktig og stå i det som er vanskeleg.
16:45 – 17:00 PAUSE MED KAFFE
17:00 – 18:00 “Saman kan vi skape eit trygt og inkluderande aukrasamfunn der alle kjenner at dei høyrer til” av Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal og Knut Anders Fostervold, rektor på Julsundet skole. Føredraget handlar om viktigheita med å inkludere, bygge fellesskap og hindre utanforskap
Om Cengiz Al
Cengiz Al er kjent frå mellom anna Skam, Tre Nøtter til Askepott, Forræder og Skal vi danse. Nå reiser han landet rundt med eit føredrag som er skreddarsydd for barn, ungdom og vaksne som følger dei tett – både heime og i skolen.
Føredraget «Fra rastløshet til suksess – mot, mestring og kunsten å fokusere» tar utgangspunkt i Cengiz’ eiga historie – om ein rastlaus gut med høgt energinivå, som måtte lære seg å finne retning, bruke kreftene riktig og stå i det som er vanskeleg. Vegen til suksess har ikkje vore rett frem, og nettopp derfor treff det han formidlar så godt.
Gjennom ein engasjerande miks av personleg historieforteljing, dans og refleksjon, gir han både unge og vaksne eit nytt blikk på:
- Korleis ein kan trene opp fokus og mental uthaldenheit i en digital kvardag
- Betydninga av små val – og korleis dei kan gi store resultat over tid
- Kva som skjer når ein tør å vere seg sjølv og gripe eigne moglegheiter
- Korleis føresette, tilsette i skolen eller andre viktige vaksne i eit barns liv, kan møte barn sine behov for støtte, friheit og retning
Cengiz Al formidlar med energi, varme og truverdigheit. Det treff, engasjera og gir rom for viktige samtalar både i etterkant i klasserommet og rundt middagsbordet heime.
Advertisement
Where is it happening?
Aukraringen 3, Aukra, Aukraringen 3, 6480 Falkhytta, Norge, Molde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.




